Gå til sidens hovedinnhold

Tidsreisande i Gudvangen

Artikkelen er over 10 år gammel

Bli med tilbake i tid.

For Børje Møster og familien har det blitt tradisjon å legga ferien til Vikingmarknaden i Gudvangen.

Sidan byrjinga av dette årtusenet har den årlege vikingmarknaden i Gudvangen, ein liten biltur forbi Voss, gitt Nærøydalen namnet Viking Valley over heile kloden.

500 vikingar i telt, og 3 600 betalande besøkte vikingmarknaden i år i tillegg til cruise og bussturistane. Med dei var det over 5 000 besøkande på årets marknad.

Handverk og aktivitetar

For Børje Møster og ungane har det blitt tradisjon og ta turen til Gudvangen under vikingmarknaden. Dei har reist dei siste tre åra, og i år selde dei skinn og bogar.

- Vi synest dette er moro å vera med på. Her er mykje fin kunst og handverk som er tatt vare på i tillegg til at det kjem folk i frå nær og fjern, smedar, keramikarar, musikarar og kunstnarar som har studert handverk frå vikingtida, fortel Møster.

I tillegg kan marknaden freista med aktivitetar som bogeskyting, hesteriding, kurs i kamp-teknikk, forteljarkunst, runetolking og matlaging i målgrop. For å nemna noko.

Stolte av historia

Omkransa av 1500 meter høge fjell og eit tjuetals fossar, skriv annerkjende National Geographic at her finn du planeten si vakraste perle. I ti år har vikingar frå 20 land gjesta Gudvangen ei veke om sommaren. 3600 vitja marknadshelga i år.

- Alle slags folk kjem til vikingmarknaden, ein del arkeologar og historisk interesserte vankar i dette miljøet, men også verre vanlege folk som er fascinert av denne epoken.

- Dei siste åra har nordmenn byrja å bli stolte av si vikinghistorie, og med god grunn. Vikingane var ikkje berre rebellar på tokt, dei var handelsfolk og levde av jordbruk, fortel Møster.

Gudvangen:

”Gudane si slette ved vatnet” er ei naturperle gudane bestemte seg for å imponera med inst i verdsarvfjorden Nærøyfjorden - eller Njardarfjord - fjorden omgitt av handelsguden Njord. I vikingtida tyda mykje på at dette var ein viktig handelsstad og eit kommunikasjonssentrum med si sentrale plassering i fjordnorge med låge fjellovergangar og mildt klima.

- I vikingtida blei varer bytta, og det vert også i stor grad gjort på vikingmarknaden. Faktisk bytta eg bort fleire skinn enn eg selde i år, fortel Møster. Han liker konseptet der det er mindre pengar involvert.

- Ein spennande modell som vi kan henta meir fram i vår tid også, i staden for å gå i kapitalismen sine spor. Det handlar ikkje om bruk og kast, men at nokon kan bruka dei varer ein ikkje lengre treng, og andre vegen, seier Møster.

Hentar inspirasjon

Møster meiner vi manglar arenaer der ein kan byggja kontakt over generasjonar i vår kultur.

- Ein lever saman under enkle tilhøve, lagar mat og samlar barn, vaksne og eldre i blanding. Det er noko vi manglar i vår kultur, og eg trur vi har mykje å tilføra kvarandre på tvers, seier Møster.

Dessutan meiner han det er verdifullt å koma i kontakt med naturen og elementa.

- Det er ei anna verkelegheit enn den vi er vande med, og her kan sjå ting på ein ny måte og henta inspirasjon, seier han.

Sjå fleire bilde frå Vikingmarknaden