Teknisk feil forsinkar nye pass

Norsk pass, med riksvåpen og teksten Norge - Noreg - Norway - Pass - Passport. Statsborger. Statsborgerskap. Hånd i bevegelse. Kanskje passet blir stjålet? Illustrasjonsfoto: Alexander Vestrum / NTB

Norsk pass, med riksvåpen og teksten Norge - Noreg - Norway - Pass - Passport. Statsborger. Statsborgerskap. Hånd i bevegelse. Kanskje passet blir stjålet? Illustrasjonsfoto: Alexander Vestrum / NTB Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Søk naudpass dersom passet ditt ikkje kjem i tide, råder politiet.

DEL

(BA)  Ein teknisk feil hos leverandøren av pass, gjer at politiet ikkje kan levera nye pass innanfor garantitida på ti dagar. No kan det ta opp til 13 dagar frå passet er bestilt til det vert levert til brukaren, ifølge Politidirektoratet.

Det kan by på problem for dei som bestiller mindre enn 13 dagar før avreise.

Les også: No vert det vanskeleg å få naudpass på Flesland

Naudpass

– Dersom du nyleg har søkt om pass, ikkje fått det i posten enno, men treng det i løpet av dei neste 13 dagane, kan det vera aktuelt å søka om naudpass, seier avdelingsdirektør i politifagavdelinga i Politidirektoratet, Kristin Kvigne.

Den tekniske feilen er retta, men det har foreløpig hjelpt lite på ventetida.

– Situasjonen som no har oppstått er beklageleg. For dei det gjeld og kor garantitida er broten, vil politiet skriva ut naudpass kostnadsfritt, seier Kvigne i ei pressemelding.

Vert avvist i fleire land

Man bør heller ikkje venta for lenge med å søka om naudpass. Kjem søknaden inn kort tid før avreise er det ein fare for at politiet ikkje har kapasitet til å behandla den.

I tillegg er det fleire land som ikkje aksepterer naudpass, deriblant USA og Dubai.

Artikkeltags