Redaktøren i Avisa Nordhordland jublar - skal dele ut 150.000 kroner til lokalmiljøet

Avisa Nordhordland skal dele ut 150.000 kroner til gode tiltak i nærmiljøet. – Dette er heilt suverent. No får vi anledning til å støtte noko av alt det gode arbeidet som som blir gjort rundt om kring i distriktet for barn, ungdom og unge vaksne, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal.

Avisa Nordhordland skal dele ut 150.000 kroner til gode tiltak i nærmiljøet. – Dette er heilt suverent. No får vi anledning til å støtte noko av alt det gode arbeidet som som blir gjort rundt om kring i distriktet for barn, ungdom og unge vaksne, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal. Foto:

Av

– Dette er heilt suverent!, seier redaktør i Avisa Nordhordland. I løpet av våren skal avisa dele ut 150.000 kroner til gode tiltak i nærmiljøet.

DEL

Avisa Nordhordland er inne i ein veldig positiv trend med aukande abonnenttal og stadig større engasjement rundt avisa. Dette gir seg også utslag i betre økonomi, og no skal avisa dele ut 150.000 kroner til gode lokale tiltak i nærmiljøet i Nordhordland og Gulen.

– Dette er heilt suverent, jublar redaktør og dagleg leiar i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal.

Han ser fram til å støtte gode tiltak i nærmiljøet denne våren.

– Nordhordland-regionen må vere eit av dei områda i landet som er best på kulturliv og frivillig arbeid. No får vi anledning til å støtte noko av alt det gode arbeidet som blir gjort rundt om kring i distriktet for barn, ungdom og unge vaksne. Vi ønsker å spele på lag med distriktet og bidra til positiv utvikling der vi kan, seier Nydal.

Claus Sellevoll og Gina Blomberg med i juryen

Avisa Nordhordland er 100 prosent eigd av Amedia-konsernet, som igjen er eigd av Amediastiftelsen.

Det er eigarkonsernet som no gir avisa moglegheit til dette. I alt skal 73 Amedia-aviser landet rundt dele ut 25 millionar kroner i støtte til almennnyttige tiltak i regi av lokale lag og foreiningar i dei kommunane avisa dekkar.

– Eit kjempetiltak av Amedia, som vi set veldig stor pris på. Det er jo lokalsamfunnet vi er til for, seier Nydal.

Nh-redaktøren har no etablert ein jury som består av fem personar, tre frå avisa og to eksterne. I tillegg til han sjølv er marknadssjef Roger Myhr og journalist Sirill Heimdal frå avisa med. Eksternt stiller skodespelar Claus Sellevoll og mangeårig Kvernbit-leiar Gina Blomberg opp.

– Eg synest dette blir ein veldig bra jury. Spesielt kjekt at Claus og Gina ville vere med. Dei sa ja til å vere med med ein gong eg spurte, og då får vi med oss spisskompetanse innan det lokale kultur- og idrettslivet, som er målgrupper vi sikkert får mange søknader frå, seier Nydal.

Slik søker du støtte

Søknad sendast inn digitalt via denne portalen: soknad.sparebankstiftelsen.no/amedia

All informasjon om kriteria som må oppfyllast og korleis du søker finn du på denne nettsida.

Har du likevel spørsmål, kan du ta kontakt med redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal på epost: trond.nydal@nordhordland.no eller telefon 48 89 11 38.

Søknadsfristen er 25. mars. Søkarane vil få tilbakemelding om dei får støtte eller ikkje i løpet av april.

– Inspirasjon og motivasjon

Han trur ikkje det skortar på behov der ute og oppfordrar alle som er interessert til å sette seg inn i søknadskritera og sende søknad.

– Det er ikkje alltid dei store summane som skal til for å få til eit løft. Vi håpar at vi med 150.000 kroner kan utgjere ein positiv skilnad for fleire og gi inspirarsjon og motivasjon til meir positiv aktivitet, seier Nydal.

Søknadsfristen er sett til 25. mars.

Foreningar og organisasjonar blir no invitert til å søke om støtte til blant anna aktivitets- og fritidstilbud for barn og unge.

– Deretter vil juryen som er etablert avgjere kva tiltak som skal tildelast midlar. Vi håpar vi får inn mange søknader frå heile distriktet, seier Nydal.

Konsernsjefen: – Gi tilbake til lokalsamfunnet

I ei pressemelding opplyser Amedia at midlane den enkelte avis vil dele ut vil variere frå 100.000 kroner og opp til ein million kroner i dei største avisene. Målet med ordninga er å bidra til å skape gode lokalsamfunn.

– Det er ei hovudoppgave for våre aviser å engasjere lesarane og alle som bur i lokalsamfunnet til å delta i samfunnsdebatten, frivillig arbeid og kulturaktivitetar. No styrkar vi det tette bandet mellom Amedia sine aviser og lokalsamfunnene dei dekker, seier konsernsjef i Amedia, Are Stokstad.

– Våre lokalaviser jobbar for å skape gode lokalsamfunn. Dei speglar og utviklar lokal kultur og identitet. Lokalavisene er ei viktig og positiv kraft i utviklinga av det som skjer i sitt dekningsområde. At Amedia sine aviser no skal fordele støtte til lag og foreiningar er ein måte vi kan gi noko tilbake til lokalsamfunnet på, som understøttar avisene si oppgåve som viktige lokale samfunnsinstitusjonar, held Stokstad fram.

– Kan bli fleire tildelingar

Stokstad fortel at midlane som no blir delt ut, har utgangspunkt i det gode resultatet Amedia oppnådde i 2018.

Utdelinga skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB, som for fire år sidan kjøpte Amedia og oppretta Amediastiftelsen for å ivareta eigarskapet. Kjøpet blei finansiert med eit lån frå Sparebankstiftelsen DNB.

Dei gode resultata i Amedia har gitt Amediastiftelsen moglegheit til å nedbetale delar av lånet, og som følge av dette har Sparebankstiftelsen DNB stilt 25 millionar kroner til disposisjon for prosjekt for å styrke lokalsamfunna.

Søknader om støtte blir retta til avisene som skal fordele midlane og avgjere kven som får støtte

Dette er første gangen lokalavisene skal fordele midlar til lokale formål. Konsernsjef Are Stokstad meiner det ligg til rette for fleire tildelingsrundar seinare:

– Held vi fram å skape gode resultat, vil tildelinga av midlar frå våre aviser kunne fortsette, seier han.

Artikkeltags