Gå til sidens hovedinnhold

Raudt seier nei til vindkraft

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Til organisasjonane Folk for Fjella, Ung Motvind Høyang, Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn, Ung For Fjella, Nei til vindkraft i Gulen, VON.

Takk for utfordringa. Som stortingskandidat deler eg dykkar observasjon om at somme politikarar er veldig opptekne av «å lytte til folket», men berre når det er valår. De løftar ei viktig kampsak, og Raudt stiller seg solidarisk med den folkelege mobiliseringa mot vindkraft og kapitalinteressene som pressar på for å øydelegge norsk natur for eiga økonomisk vinning.

Raudt sitt klokkeklare standpunkt mot vindkraft er gjort kjent i Raudt sitt arbeidsprogram for 2021-2025, som kom i vår. Det framgår òg tydeleg i vårt lokale valkampmateriell for Hordaland. Det har vore annonsert i både Nordhordland og Strilen, både som annonse i papiravisene og på nettsidene. Me svarar likevel gjerne ut spørsmåla dykkar, så det ikkje finst rom for tvil om at Raudt seier NEI til vindkraft.

Les også

No vil vi høyre kva de eigentleg meiner

Til dykkar spørsmål 1: Ja, eg er samd med partiprogrammet vårt om nei til vindkraft; til lands og i fjæra og til havs. Som politikar ville eg uansett vore lojal mot den gode, demokratiske prosessen som har gjeve oss partiprogrammet vårt, og stemt etter programmet.

Til dykkar spørsmål 2: Ja, Raudt er svært tydelege på at det ikkje skal byggast fleire vindturbinar, korkje til lands eller i fjæra eller til havs.

Til dykkar spørsmål 4: det er vanskeleg å svare fullgodt på korleis ein vil jobbe på Stortinget før ein er tildelt stortingskomité, der hovuddelen av det daglege arbeidet på Stortinget føregår. Eg forpliktar meg gjerne her og no til å jobbe mot vindkraft ved alle høve eg får som stortingsrepresentant. Innanfor partiet er det ikkje nokon trong for å jobbe mot vindkraft, når Raudt er det mest prinsippfaste partiet mot vindkraft.

Til dykkar spørsmål 5: Som stortingsrepresentant lovar eg open dør og open innboks. Eg vil stille på lokale markeringar, så langt som råd er, slik eg òg har prioritert som stortingskandidat.

Til dykkar spørsmål seks: Raudt er mot vindkraft, også om vertskommunane skulle vere for. Vindkraft fører til irreversible naturinngrep som me ikkje kan vedta på vegner av komande generasjonar. Når vertskommunar er mot vindkraft burde dette avgjere saka for statlege instansar. Det er provoserande korleis lokalt sjølvstyre vert overkøyrd når ein seier nei til vindkraft. Dersom staten ikkje får det svaret staten vil ha frå kommunane, ser ein berre bort frå både spørsmålet og svaret. Dette er maktarroganse av verste sort, gjort ved eit dyrt skrivebord langt frå der turbinane skal sprengjast ned i grunnfjellet. Den pengesterke vindkraft-lobbyen har fått staten med seg på å køyre over lokalsamfunn og lokaldemokrati på ein uhaldbar måte. Dette ser me som ein politisk kamp: lokalt folkestyre og folkemakt mot pengestyre og byråkratmakt i koalisjon.

Det er ikkje nok å vere mot vindkraft – me må stemme mot vindkraft i stortingsvalet i 2021. Dette vert eit skjebneval for fjella våre og naturen vår. Raudt er den sterkaste garantisten mot vindkraft – godt val!

Les også

«Eg har personleg tatt eit verdival når det kjem til vindkraft»

Les også

Senterpartiet seier nei til vindkraft i Bjørn West-fjella

Les også

Vindkraft i fjella våre blir ikkje aktuelt

Kommentarer til denne saken