Raudt farevarsel: Ekstremværet «Elsa» er på veg

Vasstanden kan gå langt inn på Bryggen måndag kveld dersom meteorologens prognosar stemmer.

DEL

BA: Når det er meldt så dårleg vær, og meteorologane ser seg nøydde til å justere opp farevarselet til raudt, då får også ekstremvêret namn. Denne gangen er det døypt «Elsa».

– Det er ei sjeldan hending, og måndag kveld kan vasstanden ligge på 250 centimeter, fortel vakthavande meteorolog, Geir Ottar Fagerlid.

Kan få ny rekord

Vasstanden er venta å vere høgast måndag kveld og natt til tysdag. Men det har allereie vore ganske høg vasstand i dag, fortel meteorologen:

– No var den på 205 centimeter, som er gult nivå. I morgon ser det ut til å komme opp på oransje nivå rundt klokka 12, med 220 centimeter. Rundt midnatt, natt til tysdag, kan det komme opp på 250 centimeter, fortel han.

Dersom det når 250 centimeter, blir det ny vasstandsrekord her i Bergen. Rekorden som gjeld i dag, er frå Bryggen i 1990 og på 240 centimeter.

– Det er ein nervepirrande prosess, men vi følger situasjonen nøye og får oppdateringar om vasstanden kvart 30 minutt, seier Fagerlid.

Anbefaler folk å gjere tiltak

Meteorolog Fagerlid fortel at det er mange som kan få seg ei overrasking måndag, i og med at det høyrer sjeldenhetene til at det er såpass høg vasstand:

– Størst skadepotensial er det nok ytst på kysten, og det gjelder å feste båtar og lause gjenstandar i naust og i strandsonen.

Vinden var, som meldt, sterkast natt til søndag. Det vil likevel blåse ein del også det neste døgnet, men det er berre vasstanden de ter sendt ut farevarsel for.

Saka held fram under bildet.

Foto:

Er førebudd

Morten Frantzen, vaktkommandør ved 110-sentralen, fortel at brannmannskaper allereie har gjort nokre forberedende tiltak i Bergen sentrum.

– Det er lagt ut nokre rader med sandsekker ved Skur 8. Dette er gjort for å førebyggje så vatnet ikkje kjem langt inn på Bryggen, fortel han.

Brannvesenet er ikkje til stades på Bryggen for å følge med, men drar ned når det nærmar seg ny flotopp.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken