Steinras stengde fylkesveg

Eit mindre steinras stengde fylkesveg 92 i morgontimane tysdag. Folk kom seg ikkje på arbeid og skule.

DEL

(Firda): Raset gjekk om lag ein kilometer vest for Ortnevik, på fylkesveg 92 på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune.

– Entreprenør er på staden og ryddar opp. Vegen vert stengd i minimum ein time, opplyste trafikkoperatør Andreas Herland i Statens vegvesen klokka 07.15 tysdag morgon.

Vegen er viktig for folk som skal på arbeid på Østerbø og i Bjordal, og for born som skal på skule og barnehage i Bjordal.

Det var ein person som ikkje kom forbi, som varsla om raset klokka 06.20 tysdag, opplyser Herland.

Klokka 08.45 melde Vegtrafikksentralen Vest at vegen var rydda og opna.

Artikkeltags