I vinter var den viktigaste samferdselsåra mellom nord og sør på Vestlandet stengt i ti dagar etter eit skred i Romarheimsdalen. No vil regjeringa unngå at det skjer igjen. Difor har dei løyva 40 friske millionar kroner i revidert statsbudsjettet, som vert lagt fram på tysdag.

Skredvoll

Pengane skal gå til å bygga ein betre skredvoll i området. Vinterens skred som begravde fire bilar viste at dagens sikring ikkje er god nok og stengde vegen i ti dagar.

– Ein fin fredag vart radikalt betre. No har me endå ein grunn til å heisa flagget, seier brannsjef i Gulen og Masfjorden, Sigvald Kvinge til avisa Nordhordland.

Han sat og skreiv ein rapport om skredfaren i kommunen då alarmen gjekk i vinter. Dei måtte rykka ut med alt dei hadde av tilgjengeleg mannskap. No kan dei sleppa slikt i framtida.

– E39 er ei sentral pulsåre i blodomløpet vårt. I vinter hadde me ei tid der einaste vegen mellom nord og sør på Vestlandet utanom Lærdal, var kabelferja i Masfjorden. Dette betyr at sentrale politikarar tek ansvar, seier han.

– Viser handlekraft

– Dette viser handlekraft frå regjeringa, meiner Framtstegspartiet sin finanspolitiske talsmann, Gjermund Hagesæter.

– Det er heilt uakseptabelt at vegen var stengt så lenge i vinter. Det stoppa trafikken og skapte kaos, viser han til.

Pengane kjem frå ein pott om vegvedlikehald.

– Veg har vore, og er, eit satsingsområde for regjeringa, som for fyrste gong har fått ned vedlikehaldsetterslepet, peikar han på.

Også Framstegspartiet sin ordførarkandidat i Lindås, Bjarte Vatnøy er nøgd.

– Eg vil gje skryt til våre lokale folk på Stortinget som har stått på, seier han.

Vatnøy viser til kor store utfordringar det var i regionen då vegen vart stengt i så mange dagar.

Omkøyringsvegar

– E39 er ei hovudpulsåre gjennom Lindås, og dette viser at politikarane er lydhøyre for det som skjer, seier han.

Også Masfjorden-ordførar Karstein Totland (H) er nøgd. Men og overraska.

– Eg er overraska over at det skjedde så fort, innrømmer han. No håpar han at det vidare vil skje noko med omkøyringsvegane i kommunen.

– Når ein fyrst legg vegen til fjells, må ein forventa at den vert stengt seinare og. Difor er eg nøgd no, men eg vil og ha omkøyringsvegane oppgradert, seier han.

Det er stortingsrepresentant Torill Eidsheim (H) einig i.

– Det einaste føreseielege med ras, er at det er uføreseieleg, seier ho.

Ho seier dei har tatt saka opp med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

– Me er glad for at dette no vert prioritert. Det som vidare må sjåast på er dei alternative omkøyringsvegane når det skjer ulykker, seier ho.