Ras på fylkesveg natt til laurdag - entreprenør sendt ut

Ras på fylkesveg 571 i Masfjorden.

DEL

Natt til laurdag har det gått eit jord og stein-ras på fylkesveg 571 i Masfjorden.

Raset ligg i delar av vegbana mellom Kringla og Furebotn, melder Vest politidistrikt på twitter klokka 05.43 laurdag morgon.

– Det er ikkje større enn at køyretøy kan passere, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til BT.

Politiet opplyser at vegtrafikksentralen er varsla og at entreprenør blir sendt ut.

Artikkeltags