Ragnhild er opprørt over eiga regjering: – Det overraskar meg
Fredag kom statsminister Jonas Gahr Støre til landsmøtet til AUF. Leiaren i Nordhordland AUF gjekk på talarstolen med ein tydeleg bodskap til regjeringa. Ho krev at nedprioriteringa av E16 og Vossebanen vert reversert straks.