RadøyGruppen skal bruka ein halv milliard på Jotun-tomta

SATSAR STORT: RadøyGruppen AS vil satsa vidare på Radøy, og har no kjøpt den såkalla Jotun-tomta, der målingsfabrikken låg tidlegare. Frå venstre: ordførar Jon Askeland, dagleg leiar Lasse Ståløy og prosjektleiar Olav Ståløy.

SATSAR STORT: RadøyGruppen AS vil satsa vidare på Radøy, og har no kjøpt den såkalla Jotun-tomta, der målingsfabrikken låg tidlegare. Frå venstre: ordførar Jon Askeland, dagleg leiar Lasse Ståløy og prosjektleiar Olav Ståløy. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Dei som har dei største og beste anlegga vil alltid gjere det bra. Å trappe ned er byrjinga på slutten.

DEL

Det seier Lasse Ståløy i RadøyGruppen AS, som no har kjøpt industriområdet på Manger der Jotun-fabrikken låg tidlegare.

Planane RadøyGruppen har for området gjer dei i stand til å ta på seg langt større jobbar enn dei no har moglegheit til på Vetås, der veg, høgspentliner og geografi no set avgrensingar på kor mykje det er mogleg å utvida.

LES OGSÅ: Radøygruppen satsar i nedgangstider

– Vi ser konkrete prosjekt vi ikkje kan ta på Vetås, der er vi for liten, seier Ståløy.

Store konstruksjonar som subseainstallasjonar dei har levert er avhengige av store skipskranar for å bli løfta frå kai og over i transportskip, noko som medfører store utgifter.

– Her på Manger kan vi få løysingar der vi kan skyva konstruksjonane frå produksjonshallen og direkte om bord i lekterar ved kaia, seier han.

200 meter kai

I første omgang vert det investert mellom 100–200 millionar kroner.

– Men vi kjem nok fort i ein halv milliard før vi veit ordet av det, seier Ståløy. 200 meter ny kaifront skal på plass, og to store produksjonshallar som vert av dei største som finst i landet, 50 meter i breidda.

– Vi veks, og er nøydde til å finna store anlegg. Denne tomta er perfekt for oss, seier han. I tillegg til sjølve arealet er det ein stor fordel at plassen ligg nært den eksisterande produksjonen på Vetås.

LES OGSÅ: – Det er å tru på julenissen at vi ikkje skal ha olje- og gassproduksjon framover

– På den måten kan vi veksla på kor vi brukar eksisterande mannskap. Vi vil òg skapa gode ringverknader for underleverandørar i regionen, lovar Ståløy. Dei har alt presentert planane for kundane sine.

– Det er mange store prosjekt i tida framover som vi er høgaktuelle for no.

Prosjektleiar Olav Ståløy ser lyst på framtida, sjølv om den oljerelaterte industrien er nede i ein bølgedal for tida.

– Har pusta tungt

– Verden vil aldri stoppa, sjølv om den har pusta tungt ein periode, seier han.

Ordførar Jon Askeland rosar nysatsinga til RadøyGruppen.

– Dette er den største næringssatsinga på Radøy i nyare tid, og eg gratulerer RadøyGruppen, seier ein særs glad ordførar.

– No kan radværingane jubla over nye og sikra arbeidsplassar i den nye æraen med subseasatsing, som med dette får eit tyngdepunkt på Radøy, meiner han.

LES OGSÅ: Slepp å betala hundrevis av fakturaer årleg: – Sparar tid og pengar

Han rettar òg ros til Jotun som har brukt betydelege midlar på å rydda opp etter seg før salet vart gjennomført.

– Somme har vore utolmodige og venta at det skulle koma ny aktivitet på Jotun-eigedommen tidlegare, men eg har ei viktig presisering, nemleg at Jotun AS ikkje har villa selt eigedommen før no. Eg har hatt eit tett og godt samarbeid med Jotun dei seks siste åra, og særleg i den siste fireårsperioden har me hatt hyppig dialog om avhending av eigedommen, seier Askeland. På eigedommen var det tre deponi med miljøfarleg avfall frå tidlegare tider, og Jotun har brukt opp mot 50 millionar kronar på å rydda opp i desse deponia.

Eksempel til etterfølging

– Dette arbeidet er utført etter avtale med Klif og i godt samarbeid med Radøy kommune. Jotun er eit eksempel til etterfølging, seier ordføraren, som ikkje tør tenka på kva som ville skjedd med deponia om eigedommen hadde vorten forlaten med desse gamle deponia liggande.

I første omgang vil RadøyGruppen bygga ut på eksisterande regulerte område.

– Det er stort sett ordinær byggesakshandsaming, sjølv om det er nokre spørsmål som må vurderast nærare. Største delen av eigedommen er avsett til næring, men må detaljregulerast. Dette krev ordinær planprosess, seier Askeland.

Arbeidet med den nye kaien skal etter planen vera ferdig til april 2016, produksjonshallane står klar i januar 2017.

Artikkeltags