50 jobbar sikra for Radøygruppen

Arkivfoto

Arkivfoto Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Storkontrakt med Statoil er gull verdt

DEL

Radøygruppen skal levera stålstrukturar til Utgard-prosjektet, noko som sikrar 50 arbeidsplassar i eit år framover.

Det skriv Sysla.no.

Nettstaden skriv at det er nytenkinga på Radøy som har sikra kontrakta.

– Bedriftene ønsker å komma inn i nye marked og vågar å satsa. Dei har spart i gode tider for å kunne satsa i dårlige, og har beholdt kompetansen gjennom nedturen vi har hatt dei siste årea, seier Elseth om Radøygruppen.

– Det gjer at vi klarar å realisera slike oppdrag. Det er veldig spanande og gledelig at lokale bedrifter satsar på denne måten, seier han til Sysla.

Feltet skal byggast ut med ei havbotnramma og skal koplast opp mot Slepiner T-platrtforma med ein 21 kilometer lang røyrledning. Radøygruppen skal levera stålstrukturar til havbotnramma.

– Denne utbygginga hadde aldri blitt noko av utan eit godt samarbeid med leverandørane, seier Elseth.

Totalt skal det invisterast 3,5 milliardar kroner på feltet og ein vil på topp vinna ut 44.000 fat olje dagleg. Produksjonen er venta å starta opp mot slutten av 2019.

Artikkeltags