Radøygruppen må permitera – utelukkar ikkje oppseiingar

Lasse Ståløy i Radøygruppen

Lasse Ståløy i Radøygruppen Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Vert det meir permanent, kan me ikkje utelukka det.

DEL

Det seier toppsjef i RadøyGruppen, Lasse Ståløy til avisa Nordhordland.

Dei økonomiske nedgangstidene har treft Nordhordland hardt, og har no komme med full kraft til Radøy. Ståløy har no vore nøydd til å permittera åtte mann.

– Tre stykk har vore ute i ei tid alt, medan fem personar vart permittert frå denne veka av, seier Ståløy.

LES OGSÅ: RadøyGruppen satsar i nedgangstider

Det var Strilen som fyrst melde om permitteringane.

Også før jul hadde dei folk permitterte, men dei har sidan vorte henta innat for å jobba på ulike prosjekt. Ståløy peikar på fallande oljepris som ein hovudårsak til permitteringane.

– Oljeprisen har gått i kjellaren, og det pregar heile økonomien me har her i Noreg. Masse prosjekt er sett på vent. Dei kjem, men dei kjem ikkje no. Då har me rett og slett ikkje nok arbeid, seier Ståløy til avisa Nordhordland.

RadøyGruppen har 140 tilsette, inkludert lærlingar i hovudselskapet og underselskapa. No overvakar Ståløy situasjonen frå veke til veke.

– Me jobbar på masse mindre prosjekt, med kortare leveringstid. Det er stor konkurranse om å henta inn oppdraga, seier Ståløy.

– Er det fare for fleire permitteringar?

– Det er ingen grunn til å utlekukka fleire permitteringar, stadfestar han.

– Kva med oppseiingar?

– Det kan henda me må gå til det skrittet og, om permitteringane vert meir permanente, innrømmer Ståløy.

– Men me har rekna frykteleg mange jobbar, og sett på mange prosjekt. Og ein del av dei skal me klara å dra i land, me er optimistar, seier han.

LES OGSÅ: RadøyGruppen vil slå Bergen Group Hanøytangen konkurs: Rettssaka vart utsett

Dagens permitteringar er dei fyrste dei har vore nøydd til å gjera sidan førre finanskrise i 2010.

2015 var også eit tungt år for RadøyGruppen. Trass omsetnad på nærare 300 millionar kroner, kan det henda dei kjem ut med raude tal på botnlinja. Konkursen i Bergen group er med på å gje eit dårleg resultat for 2015. Der kan dei tapa nærare 20 millionar kroner åleine.

– Men den saka er me ikkje ferdige med enno, seier han.

Ståløy seier det likevel ikkje er noko krise for selskapet.

– Me er så solide etter rekordåret i 2014. Men det er ikkje noko kjekt når ein ikkje tenar pengar, sluttar han.

LES OGSÅ: RadøyGruppen skal bruka ein halv milliard på Jotun-tomta

Artikkeltags