- Her har det gått sau i alle dei år, men dette er den første som har vore dum nok til å klara dette kunststykket, humrar Trond Sylta. Han trudde mest ikkje sine eigne augo då han kom til staden etter å ha blitt oppringt.
Tok med knipetang
For ikkje lenge sidan var det eit innslag på TV2 nyhenda om ein liknande episode. På Sylta var det ein hyttemanns om oppdaga den uheldige vêren, og fekk varsla via ein nabo som visste kven sine sauer det var som gjekkpå beite.
– Eg fekk telefon om at ein vêr hang fast i ein streng. Eg greip ei knipetang og sette i veg, rekna med at det var eit gjerde det var snakk om. Blei rimeleg overraska då eg såg stakkaren hang der og sprella med beina. Det såg jo ganske komisk ut, ler Sylta.
Hang til tørk
Barduna til telefonstolpen er festa i berget på ein liten knaus. Dermed var det unnabakke når den nysgjerrige vêren hadde klart å vikla eit av dei krølla horna fast i strengen. Stakkaren har mest truleg forstått svært lite av kva som skjedde før han hang der til tørk, truleg til stor glede for dei omkringståande sauene.
Dør til dør
–Eg fekk tak i beina og måtte rett og slett dra han attende same veg som han hadde kome ned. Han var tydeleg svimmel og sjangla litt dei første sekunda, før han rista det heile av seg og forsvann bortetter i retning flokken, humrar Sylta.
Han er vaktmeister på Velferdssenteret på Manger til dagen, samt at han jobbar med hjelpemiddelsentralen i kommunen. Trond har villsau som attåtnæring saman med nokre av naboane, i hovudsak for å halda kulturbeita opne i heimbygda Sylta.
Ein hyttemann frå Bergen oppdaga den uheldige vêren. Han fekk også knipsa bildet Nh har fått låna. Etterpå ville han gjerne gje Trond ein kopi av bildet, men visste ikkje kven vêr-eigaren var.
– Då hadde han berre stappa bildet i ein stor konvolutt, og kopiert andletet mitt som han lima på utsida av konvolutten. Bergensaren ringde så på første døra han kom til og spurde om dei kjende karen på bildet. Det var fint gjort, bildet av episoden er jo eit artig minne å ha, seier radværingen. Han kjem ikkje til å stenga dyra ute frå den aktuelle marka.
–Beita må vi, men vi får sjå om vi klarar å laga til eit eller anna som hindrar vêrane å koma heilt inntil barduna, seier han.