Køyrde av vegen på Radøy - politiet åtvarer mot glatt veg

Ein bil køyrde av vegen på Manger i morgontimane søndag.

DEL

Det melder Vest politidistrkt på twitter i 09-tida.

Ulykka skal ha skjedd på fylkesveg 5488, Hellandsvegen i nærleiken av Manger. Bilen har køyrd av vegen, men det skal ha gått bra med føraren som kom seg ut av bilen sjølv og seier seg uskadd.

Politiet melder at det er veldig glatt veg på staden.

Har du tips til oss om hendingar i trafikken? Ta kontakt på vår vakttelefon 916 20 916.

Artikkeltags