Fredag hadde Trafikksikringsutvalet (TSU) i Nordhordland gladkontroll ved Austmarka på Radøy. 125 bilar vart stoppa i kontrollen. Ingen bøter vart delt ut, derimot vanka det både refleksar, ferske aviser og gode råd om trafikktryggleik for bilistar og passasjerar som vart stoppa.
LES OGSÅ: Deler ut refleksgåve til alle nyfødde
Representantar for alle blålysetatane var på plass, og Ann-Karin Randa var ein av dei som vart stoppa.
– Dette synest eg var veldig kjekt, eit positivt tiltak, seier ho til avisa Nordhordland.
I kontrollen gav dei mellom anna tips om riktig beltebruk og innstilling av nakkestøtte.
– Det er godt å få tilbakemelding på at ein har gjort ting rett i høve beltebruk, det er viktig å gjera dette rett, seier ho.
– Vi treng alle ei påminning.
TSU har som vanleg fokus på refleksbruk, og delte også denne gongen ut refleksar til alle som vart stoppa.
– Eg opplever at det er utruleg mange som går utan refleks, ein må køyre forsiktig når det er mørkt, seier Randa.
LES OGSÅ: Ber folk om å bruka refleks i haustmørket – Alle må ta ansvar
– Folk burde vera mykje flinkare til å bruka refleks, dette burde det vera endå meir fokus på, seier ho.
– Er du sjølv flink å bruka refleks?
– Ja, det er eg, eg brukar alltid refleks, seier ho.