Bildetekst
Synne P. Syslak

André + Aron = Kjærleik og hets

Ungdommane frå Radøy har blitt truga og hetsa fordi dei elskar kvarandre. I eigeskrive teaterstykke gir dei utløp for frustrasjonen over haldningane i samfunnet.
Publisert

Då Aron og André møttest på UKM i fjor fann dei fort tonen og blei saman dagen etter. No har dei vore saman i nesten eit år og kjenner godt til utfordringane som kjem med det.

– Mange spør oss om kven som er jenta i forholdet, noko som er ganske rart med tanke på at begge er gutar og ingen av oss er tiltrekte av jenter. Dette seier Aron Jasperr Lona (17) og André Klausen (16) frå Radøy.

– Det er ein vits som går sånn, «ein gaffel og ein kniv held hender, ved sida av står to spisepinnar som også held hender. Då seier kniven og gaffelen til spisepinnane: Kven er gaffelen i forholdet?» Skjønner? Det blir berre merkeleg, seier André.

«Mange spør oss kven som er jenta i forholdet.»

Aron og André opplever mykje hets som ope homofile og har blitt trua på livet fleire gonger. Dei veit godt korleis det er å leva som ein minoritet i samfunnet og spesielt blir dei provosert av stereotypane og kjønnsrollene. No har dei brukt frustrasjonen over samfunnet til noko kreativt og skrive teaterstykke om det dei kallar eit øydelagt samfunn.

Sjølve opplever dei at mange sender dei blikk på gata, spesielt eldre. I ungdomsmiljøet vert dei derimot tekne godt imot, og dei fleste er veldig greie. Likevel møter dei mykje hets.

– Vi forstår jo at folk kan stira når vi går forbi og held hender. Viss du har eitt glas med ti kuler og alle er rosa, unntatt ei som er blå, så er det den blå du legg merke til.

Men mange gjer meir enn berre å sende eit blikk eller to. Fleire gongar har dei to gutane fått drapstruslar.

– Ein av dei verste var ein mann som kommenterte «han eine er jævlig feit og han andre er jævlig skinny, kan de ikkje berre drepa dykk sjølve?» Seier André, og held fram med at andre kommentarar kan vera «Vi veit kor de bur» eller «Vi skal ta dykk».

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Personleg tek dei seg ikkje så nær av det lengre, og brukar det som motivasjon for å stå på vidare. Men dei er veldig klar over at det går hardt innpå mange andre.

På sosiale medium har dei mykje followers og Aron har laga ei gruppe på Facebook for skeive gutar. – I gruppa er det rundt 40 medlemmar. Det er unge gutar som ikkje er klare til å koma ut til verda endå. Eg pratar med dei og prøver å hjelpa dei å akseptera seg sjølve.

André legger til at dei òg får mykje positive meldingar. – Vi får kanskje ei melding i veka frå nokon som seier at dei støttar oss og ser opp til oss. Det synest vi er veldig koseleg og vi vert veldig glade.

Som mange andre ungdommar set dei to stor pris på den norske serien SKAM: – Det er den fyste serien som har teke opp eit homofilt forhold på ein normal og realistisk måte. I mange andre seriar vert homofile par gjerne overseksuelle og veldig stereotypiske. Derfor set vi veldig pris på SKAM, seier Aron.

«Kan de ikkje berre drepa dykk sjølve?»

Som homofile veit dei godt korleis det er å leva som ein minoritet i samfunnet, og kjenner på urettferd. I november i fjor starta dei ei teatergruppe for ungdom på Radøy. No har dei skrive eit teaterstykke som er basert på dagens øydelagde samfunn, og alt som går føre seg inni hovudet på ungdom.

– Vi har fått fleire drapstrugslar av folk som seier dei skal ta oss, seier André Klausen.

– Vi har fått fleire drapstrugslar av folk som seier dei skal ta oss, seier André Klausen. Foto:

– Det var ein gong vi snakka om det og berre «Herregud, vi burde hatt ei teatergruppe!”, og så såg vi på kvarandre og fann ut at det burde vi faktisk! Seier Aron og ler.

– Det var Aron som skreiv manuset, og eg har hjelpt til med dansar og songar. Vi tenkte berre sånn «Okey korleis kan vi laga ei heilt fucked up scene?» fortel André med eit smil.

Teater stykket deira NEMA kom vidare til fylkesfinalen i UKM og har premiere i juni. Gutane fortel at alt som skjer i stykket er ting som skjer inne i tankane til hovudpersonen. Vidare fortel Aron at det viktigaste teamet i stykket er korleis kvinna vert trakassert av menn.

– Det er eit veldig politisk og kontroversielt stykke. I ei av scenene vert jenta berre kasta rundt, dytta og lugga av fleire menn. Vi tek ho på puppane, låra og rumpa. Dette er for å demonstrera korleis kvinna vert handsama av menn. Stykket er eit opprør mot samfunnet som vi unge berre har vorte plassert i.

Aron Jasperr Lona  valde å kalle teaterstykker dei har skrive for NEMA, som er AMEN baklengs, for å demonstrere  mot religiøse fordommar.

Aron Jasperr Lona valde å kalle teaterstykker dei har skrive for NEMA, som er AMEN baklengs, for å demonstrere mot religiøse fordommar. Foto:

Aron fortel at han meiner det er viktig å vere seg sjølv. Difor syns han det er veldig tragisk at så mange unge er redde for å skilje seg ut.

– Det er òg noko vi ønsker å formidla i stykket vårt. Vi håpar at det kan bevisstgjera folk rundt at ikkje alle er like og at det er heilt greitt. Det er viktig at vi i framtida lærer å akseptera kvarandre og får ein slutt på kjønnsroller og stereotypar.

No gler begge seg veldig mykje til å vise fram kunstverket sitt, og håpar det fell i smak. Dei håpar å skapa reaksjonar og gjera folk litt ukomfortable, spesielt eldre. Dette planlegg dei å gjera med blant anna å framføre ein parodi av nasjonalsongen.

– Me trur mange vaksne kjem til å bli fornærma, og det syns vi er veldig gøy! Om folk reagerer på det dei ser, så har vi gjort jobben vår bra, meiner dei to.

Artikkeltags