Sjå bildene frå Radøyløpet!

14. juni 2019, kl. 05:30

Andre pinsedag vart det igjen Radøyløpet arrangert av Hordabø IL. I alt 351 deltakarar var med i Radøy-løpet. Frode Myking i Hordabø er fornøgd med oppslutninga. – Ekstra kjekt at 53 sprang løpet på tid. Det er fin auke frå tidlegare år, seier han. Halfdan Emil Færø vann løpet på imponerande 25,41, noko som berre er halvminuttet bak løyperekorden. Beste kvinne vart Oda Sikkeland med tida 32.32. – Neste år har Radøyløpet 40 års jubileum. Då får me finna på nokre ekstra sprell, seier Frode Myking.