Her står Thomas på longboard ned Romarheimsdalen

EKSTREMSPORT: Longboarding er definert som ekstremsport. Her står Thomas Rikstad på longboard ned E39 i Romarheimsdalen. ALLE FOTO: SNORRE MYKLEBUST-HANSEN.

EKSTREMSPORT: Longboarding er definert som ekstremsport. Her står Thomas Rikstad på longboard ned E39 i Romarheimsdalen. ALLE FOTO: SNORRE MYKLEBUST-HANSEN.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

KNARVIK: Thomas Rikstad (18) frå Radøy er elevrådsleiar ved Knarvik vidaregåande skule, går for tida tredje året på allmennfag og driv i tillegg med ekstremsport på fritida.

DEL

Forutan å vere elevrådsleiar ved Knarvik vidaregåande Skule, jobbar han også som bartender og støttekontakt, engasjerer seg i politikk og likar friluftsliv, driver han med noko litt utanom det vanlege. Nemleg ekstremsporten Longboard.

– Eg har alltid likt å finna på artige aktivitetar på fritida, og etter at eg såg nokon køyre longboard i Bergen, så ønska eg å prøve det ut, fortel han.

Etter å ha leita longboard opp på nettet, kjøpte han seg like så godt eit brett.

Fridomskjensle

– Det eg likte best med det, er at det ikkje er ein sport som må følgast opp med fellestreningar som for eksempel fotball, og er ikkje like dyr som enkelte andre interesser, seier han.

Vidare fortel han at det er fleire grunnar til at han byrja med denne sporten, mellom anna følelsen av fridom, adrenalinrushet og dessutan har han venner i miljøet. Sporten er givande fordi ein knyter band med personar frå heile verda, det handlar ikkje om å vere best, men om å gjere det ein likar medan ein vert kjend med andre.

Miljøet er lite, men trass i at det ikkje er så mange som driv med det er det ein sosial sport der ein får mange gode vennar.

I sporten longboarding møter ein utfordringar som tryggleik og fart. Det er fort å komme opp i svimlande hastigheit om ein finn den rette bakken.

Sjølv bur han i Austmarka og køyrar helst der, sjølv om det er flust av plassar som er ein ekte longboarders draum å køyre i. Det gjeld berre å finna dei.

– Men om ein skal testa eigne grenser så er det frykteleg viktig å køyra på avgrensa vegar og å kjenne seg sjølv for å vite kor mykje ein klarar, understrekar han.

Rikstad valde sporten først og fremst på grunn av fridomsfølelsen ein får då ein står på brettet ned ein bratt bakke, og følelsen av å meistre brettet i full fart.

– Førestill deg kjensla av fridom når ein køyrer nedover ein bakke og inn i solnedgangen, førestill deg følelsen av å kunne gjere det ein vil, skildrar han.

Malaysia

Å køyra longboard er noko han har gjort i fem–seks år no, men det er berre dei siste to–tre åra han har gjort det seriøst.

– Eg er stort sett ute kvar dag det er brukbart vêr for å få ut litt energi etter ein tung dag på skulen, seier han.

Ingen dag er lik for ein som står på longboard.

– Kvar dag ein ikkje orkar å gå ut, går ein glipp av noko nytt, meiner han.

I 2014 var han i Malaysia i samband med utveksling. Der var det alltid fint vêr og passande vegar noko som gjorde at han var ute med brettet kvar dag. Det vart mykje variasjon i skatingen og han vart kjend med mange greie og inkluderande personar.

– Heime i Noreg står eg som oftast åleine, men miljøet har begynt å ta seg opp, fortel han.

I Malaysia deltok han på sessions med omkring tolv personar, sjølv om ein ikkje kjende alle, så vart ein fort gode kompisar.

– Malaysia var rett og slett ein draum som vart sann, seier Thomas. Dei er i gang med å starte ein longboardlag i Nordhordland og håper på at så mange som mogleg vil melde seg inn gruppa.

– I Bergen er det allereie eit stort miljø og ein er alltid velkommen til å vere med, så sjekk ut BLC på Facebook! Dette er verkeleg ein sport dei aller fleste kan finne gleda i, seier Thomas. Før han skyt inn.

Ekstremsport

– Samanlikna med fotball er dette ein relativt billig sport, sjølv om brett og utstyr kan vere dyrt om du vil kjøpe det heilt nytt. I tillegg kan det vere farleg, det er trass alt ein ekstremsport, så ein må starte i det små og heller øve seg opp. Inspirasjon kan ein finna overalt på Internett, men først og fremst på YouTube. Elles er det viktigaste å komme seg ut å få testa sine eigne evner, seier han. Det neste store Rikstad skal delta på, er ein longboard konkurranse i Volda i midten av april. Det er ein krevjande konkurranse der man køyrer kappløp fire og fire ned ein bakke.

Artikkeltags