Ordførarduellen mellom Radøyordførar Jon Askeland og Austrheimordførar Per Lerøy enda med solid heimesiger til Askeland, som tok tre strake blinkar på tre skot sittande.

– Det er ikkje akkurat dei minste blinkane, seier Askeland, som fortel at han likte godt å skyta då han var i militæret.

– Men eg har ikkje praktisert det på årevis, seier han før dei tre ballongane i blinken må gi tapt for kvar sin innertiar.
Lerøy på si side valde raust å kasta inn handkledet etter to treff på fem skot.

LES OGSÅ: undefined

– Jon måtte jo få vinna på heimebane, seier Lerøy raust etter sin serie, som han valde å ta ståande, noko som nok auka vanskegraden ein del.

– Austrheim kommune har jo som eitt av sine slagord å vera raus, seier han.

Lange tradisjonar

– Skyttarsporten har lange tradisjonar på Radøy, og eit nytt anlegg er heilt nødvendig for å sikra vidare drift og rekruttering, seier Askeland under opninga.

– Etableringa har skapt strid og debatt, til tider heftig debatt. Vi kan ikkje spole tilbake tida, men eg håper ein kan legga dette bak seg og samla dei som hadde tøffe tak når det stod på, seier han.

LES OGSÅ: undefined

Mykje arbeid skal gjerast før anlegget står fram i all si prakt. Alt arbeid som er gjort til no er dugnadsbasert, og ein god gjeng har vore i sving jamt og trutt med opparbeidinga av området. Grovplanering og ein del vegar er på plass, neste prosjekt som står for tur er klubbhuset.

– Det vil gi undervisingsmoglegheiter til alt som har med friluftsliv å gjera, seier nestleiar i Radøy Skyttarlag, André Michelsen, som orienterte dei to ordførarane om planane for anlegget.

Eit 60-tals interesserte hadde møtt fram for å få med seg opninga søndag. Det første skytestemnet i jaktfelt som vart arrangert av Nordhordland jakt og fiskelag hadde 44 påmelde skyttarar.

Stemnevinnar totalt vart Stein Markussen frå Åsane JFF med 146 poeng. Beste skyttar frå Nordhordland vart Martin Soltveit med 144 poeng.

– Trur eg trefte

I tillegg til feltstemnet var det laga til eigen skytebane for barn med kaliber 22 der dei fekk prøva seg på feltskyting mot ulike dyreblinkar. Ein av dei som fekk prøva seg med børse var åtte år gamle Sivert Sylta Kvamme.

LES OGSÅ: Treff på kvart einaste skot

– Eg har berre skytt med luftgevær før, det var gøy å få prøva seier han etter fullført runde.

– De gjekk ganske bra, eg trur eg trefte ein del, seier Sivert, som ikkje er framand for å begynna med skyting.

Etableringa av det nye skyteanlegget er eit samarbeid mellom Radøy skyttarlag, Nordhordland pistolklubb, Radøy sportsskyttarlag og Nordhordland jakt og fiskelag.