Det skal bobla på den grøne øya framover

KLAR: – Det skjer utruleg mykje spennande i løpet av kulturdagane, og me håpar mange får med seg ulike arrangement, seier kulturskulerektor Ann Christin Hoen, kulturrådgjevar Bente K. Hervik og bibliotekar Anne Elisabeth Vaage. Kulturdagane blir offisielt opna på Marås grendahus førstkommande laurdag.foto: radøy kommune

KLAR: – Det skjer utruleg mykje spennande i løpet av kulturdagane, og me håpar mange får med seg ulike arrangement, seier kulturskulerektor Ann Christin Hoen, kulturrådgjevar Bente K. Hervik og bibliotekar Anne Elisabeth Vaage. Kulturdagane blir offisielt opna på Marås grendahus førstkommande laurdag.foto: radøy kommune

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

«Det store sildekastet», revy, utstillingar og over 50 ulike tilskipingar på 15 dagar. Det skal «bobla» på Radøy under kulturdagane, som startar 8. april og set punktum med kultur- og idrettsgalla 22. april.

DEL

Den offisielle opninga er lagt til Marås grendahus laurdag 9. april. Her kan du prøva deg på alt frå «støvelkasting» og aktivitetsløype til radiostyrte bilar og «skiskyting». Fin song og musikk, og spektakulært brevdueslepp høyrer også med. Alt dagen før er kulturmønstringa i full gang, med kurs i jazzdans, utstillingar og konsert i Radøy Kunst Senter og ope ridesenter.

LES OGSÅ: Radværing vann 2,9 millionar kroner

Lag ditt eige dataspel

Har du sansen for dataspel og ønsker å laga ditt eige spel, som til dømes Super Mario, kan du melda deg på kurs i programmering.

Manger IL markerer opning av ny kunstgrasbane i Grønålen med fotballcup, handballkamp, o-løp og boccia. Du kan få smaka matrettar frå ulike land og kontinent på internasjonal kafé på Sæbø skule. Og det blir lått og løye når teppet går opp for Slettarevyen.

Du kan høyra historia om då olja kom til Nordhordland, fortald av Karl Kolstad. Og på Radøy bibliotek får du historisk føredrag «Frå synd og sjukdom til seksuell legning – homofili i historisk perspektiv».

LES OGSÅ: Intim festival på bryggekanten på Lindås

Største kastet i landet

Radøy sogelag og Keipane kystlag markerer 17. april at det er 100 år sidan «det store sildekastet» ved Rossnesbukta ved Mangerøy, eit kast som vert omtala som det største landnotkastet i norgeshistoria.

«Det er lov å vera blid»er tittelen på ei førestilling som elevar i 5.-7. klasse på Hordabø skule har på programmet, og elevane på Manger skule inviterer til vårsongtime. Den kjende songaren Veslemøy Fluge Berg kjem med «Musikk á la carte» på Manger folkehøgskule.

Og det er mykje meir; bordtennisturnering med OL-vinnar Tommy Urhaug i Radøyhallen, opning av turløype til Vetåsveten/Hestefjellet, måleriutstilling i Manger bedehus, 1960-talsmusikk frå Radøy damekor og Feiekostane, Hordabø skulemusikklag med hyllest til livet og kjærleiken, kulturkveld, moteshow, hundeutstilling, turar, motorsamling, open gard og meierikveld.

LES OGSÅ: Country-legendar klare for Hordabøhallen

God medisin

– Forsyn deg. Lat gleda over livet og våren brusa i blodet og bli med på kulturdagane. Det er livsglede og livsforlengjande og god medisin for humøret. Lat radværingane sprudla av energi desse dagane, seier ordførar Jon Askeland.

Frivillig innsats

Kulturdagsprogrammet er distribuert til husstandane i Radøy. Kulturrådgjevar Bente K. Hervik både trur og håpar at det vil vera noko for ein kvar smak.

– Me oppfordrar alle til å få med seg arrangement og støtta opp om arrangørane. Det er ein stor frivillig innsats frå lag og organisasjonar som vert lagt ned også i kulturdagane, seier Hervik.

Ho minner om at nokre arrangement har påmelding, og oppmodar folk om å følga med på kommunen si facebook-side.

LES OGSÅ: Tannklinikkane: Radøy-ungdommen er uroa

Artikkeltags