Radøy-kalenderen i ny bunad

NY RADØY-KALENDER:?Januar månad i den nye Radøy-kalenderen erpryda av dette stemningsfulle vinterbildet frå Bogatunet. Det tilhøyrande Radøy-uttrykket lyd:??Eg vert heilt neføre tå dedne kølen?. Kalenderen er trykt i 800 eksemplar, og det er Radøy Mållag som står for utgjevinga. (Foto_?Elna Bauge)

NY RADØY-KALENDER:?Januar månad i den nye Radøy-kalenderen erpryda av dette stemningsfulle vinterbildet frå Bogatunet. Det tilhøyrande Radøy-uttrykket lyd:??Eg vert heilt neføre tå dedne kølen?. Kalenderen er trykt i 800 eksemplar, og det er Radøy Mållag som står for utgjevinga. (Foto_?Elna Bauge)

Tradisjonen tru gir Radøy Mållag også i år ut Radøy-kalenderen, full av kjende motiv frå den grøne øya. Med nytt design vert årets kalender også langt meir praktisk enn tidlegare år.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

- Ja, den kjem i ny bunad i år. Vanlegvis har vi hatt svart bakgrunn på kalenderen, men det er ikkje så praktisk. Folk ønskjer jo å skriva ned ting på dei ulike datoane. Difor er det nytt design og kvit kalenderflate i år, forklarer Jostein Vågenes i kalendernemnda i Radøy Mållag.

Kalenderen som no er i sal, mellom anna på Coop Mega Manger, Sørvistorget i Radøy og Bunnpris i Bøvågen og på Sletta, tar utgangspunkt i fine bilde frå Radøy kommune, og motiva følgjer årstidene. Gjennom heile kalenderen går også mønsteret i logoen til Noregs Mållag igjen, i fargar tilpassa kvar månad.

- Vi har også med eit typisk Radøy-uttrykk tilknytt kvar månad, samt mållaget sin logo godt synleg på framsida, forklarer Vågenes.

Bilde med aktivitet

Tradisjonelt sett har Radøy-kalenderen vore bygt opp rundt fire grender på den grøne øya. Bilda som er brukt i kalenderen stammar frå ulike hobbyfotografar, og Silje Namtvedt, også ho i kalendernemnda, kan fortelja at Radøy Mållag etterkvart byrjar å få seg eit bra bildearkiv.

- Vi har fått bygt oss opp ein base med bilde, og vi prøver å verta flinkare til å plukka ut bilde med aktivitet i, seier ho.

- Og om det ikkje er aktivitet i bildet, ønskjer vi i alle fall at motivet skal visa ein plass der det har vore folk, legg Vågenes til.

Radøy-kalenderen har vorte gitt ut i rundt 30 år, og årets kalender er trykt opp i 800 eksemplar. Vågenes og Namtvedt har trua på at desse skal få bein å gå på no i dagane før jul.

- 200 av kalenderane går rett ut til bedrifter, men i ny bladbunad håpar vi at også privatpersonar skal kjøpa kalenderen. Vi forventar ein oppgang i salet med det nye designet, seier Vågenes.

Ønskjer fleire bilde og ord

Uttrykka som figurerar i kalenderen er samla inn rundt om på Radøy i samarbeid med Sogelaget. Tanken er å få Radøy-ord og uttrykk ut i bokform ein gong i framtida.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

Mållaget er interessert i fleire av sorten, og bed folk som sit på slikt stoff om å ta kontakt. Også bilde er av stor interesse for Radøy Mållag.

- Sjølv om vi har eit bra arkiv, ønskjer vi alltid fleire bilde. Vår oppmoding til folk er å ta vare på Radøy-bilda sine, og senda dei til oss. Kanskje vert dei med i neste kalneder, seier Vågenes og Namtvedt i kalendernemnda.

Sit du på eit bilde eller eit uttrykk kan dette sendast til sijenamtvedt@hotmail.com eller jostein@creanor.no.

Artikkeltags