Semitrailer har kilt seg fast på Radøy

DEL

Ein semitrailer har onsdag ettermiddag kilt seg fast ved Ulvatn på fylkesveg 409 på Radøy.

Semitraileren står midt i ein sving, men det skal vera mogleg å passera forbi på staden.

– Det er sett opp varseltrekantar i begge endar, men du ser ikkje semitraileren før du er rett ved den omtrent, seier avisa Nordhordlands journalist, Morten Sæle.

Ved Vegtrafikksentralen stadfestar dei at dei har fått meldinga.

– Politiet er på veg til staden, seier John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen til avisa Nordhordland.

Artikkeltags