Plastinvent er knalloptimistar trass tøffe tider

SATSAR:   Sjølv  om    det   er   nedgangstider,  satsar Plastinvent. Mellom anna ved  å  bygga denne hallen som skal vera klar om nokre veker. BEGGE FOTO: YNGVE  GAREN  SVARDAL

SATSAR: Sjølv om det er nedgangstider, satsar Plastinvent. Mellom anna ved å bygga denne hallen som skal vera klar om nokre veker. BEGGE FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Sjølv om dei opplever tøffe tider med nedgangen i olje og gassindustrien, ser Plastinvent på Radøy lyst på framtida.

DEL

– Me er knalloptimistar og satsar no for å vera klare når marknaden er der igjen, det seier dagleg leiar i Plastinvent AS, Stian Haukeland til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Satsar mot offshore

– Tøffe tak

Den vesle bedrifta på Olsvollstranda på Radøy merkar godt at det er nedgangstider for tida, men ser likevel lyst på framtida.

– Det er veldig tøffe tak. Og me brukar mykje midlar for å bygga opp verksemda. I tillegg er det vanskeleg å få betalt i dagens marknad, seier Haukeland.

Som ein konsekvens av nedgangstidene, er satsinga på olje og gass-sektoren tona litt meir ned enn kva som var planlagt. Aqua vert framleis ein viktig del for dei.

Det var mot slutten av 2014 dei byrja å merka det for alvor. Ein konsekvens er at ordrereservane er mindre og tida frå dei vert forespurt til produktet skal leverast vert kortare og kortare.

For å stå best mogleg rusta jobbar dei i desse dagar med å gjera ferdig arbeidet på ein 800 rutemeter stor hall for maskinering. Inkludert utstyret som skal inn i hallen passerer dei fort 10 millionar i investeringar.

– Skal du henga med må du investera i maskiner og bygg for å henga med, seier han.

Bedrifta på Radøy fokuserer på spesialløysingar innan plast. For å henga med har dei tett kontakt med grundarar. Dei vert kontakta av tre-fire gründerar i månaden i snitt.

– Sitja på gjerdet

– Me kan ikkje sitta på gjerdet og venta på produkta for å produsera dei. Du må og vera med i utviklingsprosessen og me ser at jo tidlegare i prosessen me får vera med, dess betre vert produktet, seier han.

Alle grundarar vert tatt i mot og det vert arrangert møter. Klaffar alt, er Plastinvent med og utviklar produktet. Om ikkje viser dei dei vidare til andre aktuelle bedrifter.

Håpet er at ein av dei får solid gjennombrot så alle partar kan tena på det.

– Det kostar tid og pengar, men det er naudsynt. Me må ta det seriøst og ha dei med oss, seier han.

Artikkeltags