Kunstnarleg takk for stor ryddejobb

Radøy kommune takkar Jotun ASA for mange års drift og ein omfattande oppryddingsjobb ved fråflytting av malingfabrikken i Mangerøy. Her ordførar Jon Askeland med kunstgåva som er sendt Jotun.

Radøy kommune takkar Jotun ASA for mange års drift og ein omfattande oppryddingsjobb ved fråflytting av malingfabrikken i Mangerøy. Her ordførar Jon Askeland med kunstgåva som er sendt Jotun. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Radøy kommune har sendt Jotun ASA ei takk for mange års drift og solid ryddejobb etter at malingfabrikken i Mangerøy stengde dørene for godt.

DEL

– Takk for dei åra de dreiv malingfabrikken, og dei arbeidsplassane dette skapte i lokalsamfunnet vårt. Me vil også retta ei stor takk for den omfattande og kostnadstunge oppryddingsjobben de gjorde ved fråflytting av eigedommen. Her vert Jotun ståande som eit flott førebilete for andre. De har utvist godt samfunnsansvar ved å gjennomføra oppryddinga i miljøavfall frå den tida dette vart sett annleis på enn i dag,  skriv ordførar Jon Askeland i ei takkhelsing på vegne av kommunestyret.

LES OGSÅ: RadøyGruppen skal bruka ein halv milliard på Jotun-tomta

I brevet vert det også trekt fram at kommunestyret er takksam for at de sikra eigedommen til vidare bruk for næringsføremål.

Gåva frå kommunen er eit maleri, laga av Radøy-kunstnaren Bjarne Skjold, som har fanga inn ein holme like utanfor der malingfabrikken i Mangerøy låg. Ordføraren håpar dette typiske kystlandskapet finn sin plass i Jotun sine lokale som uttrykk for ei takk frå Radøy kommune.

LES OGSÅ: Jotun legg ned på Manger

– Det  var ei glede å vera vertskommune for Jotun, heiter det i brevet. Gåva omfattar også eit eksemplar av jubileumsboka for Radøy kommune, - der fabrikken i Mangerøy har sin omtale.

Artikkeltags