Gå til sidens hovedinnhold

Med eigen butikk i Horisonten

Artikkelen er over 6 år gammel

Stina Dale (26) frå Manger har lenge hatt ein draum om å starta for seg sjølv. Hausten 2014 tok ho eit gigantsteg då ho opna eigen interiørbutikk i kjøpesenteret Horisont i Åsane.

– Det er ein draum eg har hatt lenge, seier ho beskjedent til avisa Nordhordland.
 

Interessa for interiør har ho hatt i mange år.
 

– Det byrja då eg var 18 år gammal og flytta for meg sjølv, seier ho.

Finn inspirasjon på Instagram

No bur ho på Manger med mannen Christian Dale, og hans tre ungar. .Der må han godta stadige interiørendringar.
 

– Eg vert inspirert av Instagram og interiørblad, seier ho.
 

– Eg likar å ha det fint rundt meg, og eg synst det er kjekt å endra ting heile tida og ha nye stilar ofte, seier ho.
 

– Synst mannen din det er lika kjekt?
 

– Nja. Nei, jo. Han er så van med det at det går. Det er berre sånn det er, seier ho og ler.
Og alle stilendringane ho gjer, vert behørig delt med omverda. På sin Instagramprofil har ho no nesten 1900 følgarar, som får med seg alt ho gjer.

Nettstudium

Ho kallar stilen sin for skandinavisk og moderne, med masse fargar.
 

Men ho har aldri jobba med interiør før no. Frå ho var ung har ho jobba på bensinstasjon på Manger, før ho gjekk lei og byrja på eit nettstudium for å verta kontormedarbeidar. Men draumen om å opna ein eigen butikk har alltid vore der, sjølv om ho lenge trudde det kom til å verta med draumen. Men då dei såg at det var moglegheit til å få plass på det nyaste kjøpesenteret i Bergen, Horisont, slo ho til.
 

– Då var det berre til å hoppa i det, seier ho.

Designvarer frå Danmark

Butikken hennar på 70 rutemeter er full av designvarer frå Danmark. Det er både lampar, puter, vasar, lysestakar, krydder og oljer i hyllene.
 

Det var aldri aktuelt å opna opp butikk på Manger, der ho bur.
 

– Eg trur ikkje ein slik butikk hadde overlevd. Korkje der eller i Knarvik, seier ho.

Uaktuekt med Knarvik

– Men det er ikkje gratis å driva butikk i eit stort senter?
 

– Nei, det er det absolutt ikkje. Men med hjelp frå familien og banken går det, seier ho.
Butikken og kjøpesenteret fekk ein knallstart. Berre på opningsdagen omsette ho varer for over 50.000 kroner.
 

– Frå me opna i novmeber og fram til jul var det heilt kanon, seier ho.
 

– Det var genialt å opna då me gjorde, så me fekk med oss julehandelen og alt. Eg er nøgd med det, seier ho.

Unge jenter og eldre damer

Januar har vore ein monaleg rolegare månad. Noko som er gjengs for heile butikkbransjen.
 

– Det er rolegare enn forventa, innrømmer ho.
 

– Men eg håpar det tek seg opp igjen, seier ho.
 

– Kven er den typiske kunden din?
 

– Det er i hovudsak unge jenter og ein del eldre damer som handlar her, fortel ho.
 

I tillegg til ho, jobbar svigerinna Hanne Kristin Løvaas fulltid i butikken. I tillegg har dei to ungdommar som jobbar deltid. Håpet er at det på sikt skal gå så bra at dei kan tilsetja fleire i butikken.

Kommentarer til denne saken