No har Radøy kjøpt sin fyrste nye brannbil sidan 1970-talet

STOLTE: Anders Birkeland og Finn Frantzen er godt nøgde med at dei endeleg har fått ny brannbil på Radøy. No håpar dei og at dei får bytt ut den gule med ein mindre.

STOLTE: Anders Birkeland og Finn Frantzen er godt nøgde med at dei endeleg har fått ny brannbil på Radøy. No håpar dei og at dei får bytt ut den gule med ein mindre.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Dette betyr alt for oss.

DEL

– Det er framgang på det meste, seier ein stolt brannsjef Stein Ove Valdersnes til avisa Nordhordland.

Måndag gjekk alle brannfolk på Radøy rundt med stjerner i auga grunna den nye mannskapsbilen dei fekk. Den erstattar ein 29 år gammal mannskapsbil som dei overtok frå brannkorpset i Bergen, då dei ikkje hadde behov for den lenger.

LES OGSÅ: Dette huset brann ned på halvannan time

Millionløft

Valdersnes seier at denne bilen har både automatisk skumblandar, som betyr at dei får mykje meir sløkkemiddel ut av vatnet, dei har fått vinsj, firehjulstrekk og mykje meir belysning på heile bilen.

– Så det er tryggare og betre å bu på Radøy no?

– Det vil eg påstå det har vore heile tida, seier han.

Brannvesenet på Radøy består av 18 deltidsbrannfolk. I fjor rykka dei ut på rundt 50 reelle oppdrag. Det store løftet kosta Radøy kommune 3,4 millionar kroner.

LES OGSÅ: Lindås og Meland brann og redning styrker beredskapen: – Saman er vi sterke

– Betyr mykje for oss

– Utstyrsmessig har me no gjort eit stort løft. Me er litt stolte i dag, seier han.

Ein av sjåførane på bilen er Anders Birkeland. Han har vore brannmann på Radøy i litt over eit år, og får alt ny bil.

– Dette betyr mykje for oss. Alt vert mykje lettare, og det vert mindre å tenka på når me rykker ut, seier han.

Han seier at no har dei fått seg eit veldig bra verktøy til å gjera ein god jobb.

Det same er Finn Frantzen einig i. Han har vore brannmann i 36 år, og får endeleg oppleva det å få ein ny brannbil.

– Det har vore ein draum lenge å få nytt utstyr. Før ha me kjøpt brukt og bygd om bilar, seier han.

– Når me kjøper nytt får me utstyr me kan stola 100 prosent på, peikar han på.

LES OGSÅ: Radøy sin nye brannsjef

Slepp å ha pumpevakt

Før har dei mellom anna vore nøydde til å ha ein person til å passa på at pumpa ikkje gjekk seg varm, med den nye bilen styrer pumpa seg sjølv.

Han viser og til at tilgangen til alt utstyret som er på bilen er mykje betre enn kva dei har vore van med.

– Det er og kjappare å jobba med, peikar han på.

LES OGSÅ: Står klare til å redda liv i helga

Artikkeltags