– Beste musikalske prestasjon så lenge eg har vore med!

Her er nokre av medlemmane i Manger skulemusikklag, som feirer 3. plassen med pizza.

Her er nokre av medlemmane i Manger skulemusikklag, som feirer 3. plassen med pizza.

Artikkelen er over 4 år gammel

Med totalt 88 poeng hamna Manger Skulemusikklag på 3.-plass i brass-EM i Tyskland.

DEL

– Dette er den beste musikalske prestasjonen korpset har gjort så lenge eg har vore med, seier dirigent Thorgeir Thunestvedt, som er godt fornøgd  med korpset sin plassering under brass-EM i den tyske byen Freiburg.

- Spelte fantastisk bra

Manger Skulemusikklag, som deltok i klassen «European Youth Brass Band Contest-Development Section» under årets EM i Freiburg, hamna på 3.-plass med 88 poeng samanlagt.

– Korpset spelte fantastisk bra! Mykje betre enn på Hordablæsten, seier Wenche Sætre, i Manger Skulemusikklag.

Sætre fortel at korpsmedlemmane i løpet av helga vart gira på å vinne og ville gje alt.

– Dei presterte fantastisk bra, og det heldt til ei tredjeplass. Deltakarane er fornøgd med pallplasseringa, seier ho.

- Har styrka felleskapet

Manger Skulemusikklag har hatt ei flott oppkøyring mot EM, med mykje dugnad for foreldre.

– Oppkøyringa og turen har styrka fellesskapet i korpset, og turen har vore godt planlagt og tilrettelagt.

Manger Skulemusikklag feira plasseringa med pizza på restaurant.

– Neste mål er deltaking i NM, der stiller vi strekt, seier Sætre.

Førsteplass til Wardle Academy You

Førsteplassen gjekk til «Wardle Academy Yout» frå England. Andreplassen gjekk til «Bavarian Yout Brass Band» frå Tyskland, medan fjerdeplassen gjekk til «Søreide og Sandsli skulekorps».

Artikkeltags