Lastebil har køyrd av vegen på Radøy

Lastebilen fekk store materielle skader, men sjåføren skal ha kome seg frå ulukka utan skader.

Lastebilen fekk store materielle skader, men sjåføren skal ha kome seg frå ulukka utan skader. Foto:

DEL

110-sentralen melder på Twitter at ein lastebil har køyrd av vegen ved Solendvegen på Twitter.

– Lastebilen skal ha køyrd over støypekanten og utanfor vegen ved Ridesenteret, seier brannkommandør Stig Tetler ved 110-sentralen til avisa Nordhordland.

Det er ein lastebil lasta med kraftfor som har køyrd av vegen og no ligg fire meter ned i ein skråning. Sjåføren skal vera oppegåande.

Alle naudetatane er på staden. Det skal vera glatt i området.

Det er mogleg å passera på staden.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no Video: Video SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags