Radøy kommune med rekordoverskot i 2018

DEL

– Dei gode tala skuldast i hovudsak tilskot frå havbruksfond og inntektsutjamning grunna god skatteinngang på landsplan. Vidare er drifta samla sett innanfor budsjettrammene, noko som stadfester nøktern drift og god budsjettoppfølging hjå leiarane våre, seier rådmann Jarle Landås til Radøy kommunes heimesider.

Radøy kommune fekk for 2018 eit netto driftsresultat på 16,5 mill. kroner. Av dette utgjer pengane frå Havbruksfondet 15,7 millionar kroner. Dermed gjekk budsjettet til kommunen i røynda omtrent i null.

– Dette er tal langt over noko vi har sett tidlegare, seier ordførar Jon Askeland.

Ordføraren understrekar takksemd til heile det politiske miljøet, som har stått saman om hovudlinjene gjennom dei økonomisk vanskeleg åra.


– No haustar me av dette, avsluttar han.

Artikkeltags