Brann i keramikkomn på Radøy

DEL

Det begynte å brenna i ein keramikkomn på Sæbø skule i 21.15-tida tysdag kveld.

Det var ingen i bygget då det begynte å brenna.

– Då dei kom fram kjente dei svilukt. Røykdykkarar gjekk inn og fant ut at det hadde tatt fyr i ein keramikkomn, seier vaktkommandør Karl-Arne Røyseth ved 110 sentralen til Bergens Tidende.

Røykdykkarar bar omnen ut av bygget medan den framleis brann for å sløkka brannen utandørs, skriv avisa.

Skulen har fått litt røyk og vasskadar, men vil vera i drift på onsdag og elevane vil bli samla i gymsalen.

– Der vert lagt opp til uteskule onsdag, og elevane må difor vera kledd til å vera ute, seier kommunalsjef Olaf M. Hella i Radøy kommune til kommunens nettsider.

Om det byrja å brenna grunna feil på omnen eller om det skjedde medan omnen var i bruk er førebels ikkje avklara.

Artikkeltags