Stengde vatnet på Radøy

DEL

Vassforsyninga i søre del av Radøy har vore stengd i dag, tysdag.

Det melder Radøy kommune på sine nettsider.

Dei stengde vatnet klokka ni og rekna med at alt er på stell att rundt klokka tolv.

Årsaka skuldast arbeid i samband med ny sjøkabel frå Austmarka til Storsandvik.

Måndag ettermiddag var nokre husstandar i Austmarka utan vatn i ein times tid i samband med førebuing til arbeidet tysdag.

Artikkeltags