Førebuingane i gang før flytting av fregatten

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Sjøforsvaret arbeider framleis med sikringa av KMN Helge Ingstad som ligg i Hjeltefjorden utanfor Bergen. Det er usikkert når flytting av skipet startar.

DEL

Fregatten KNM Tor Heyerdal er blant skipa som er på veg ut til den havarerte fregatten som ligg med kraftig slagside nær land ved Stureterminalen i Øygarden etter å ha kollidert med tankskipet Sola natt til torsdag.

-Vi arbeider framleis med sikringa. Det er difor vanskeleg å seia om vi får starta i dag eller i morgon, men alle ønskjer å få fartøyet heim, seier presse- og informasjonsoffiser Thomas Gjesdal til NTB.

Til saman fire skip er så langt rekvirerte til sjølve bergingsaksjonen.

Artikkeltags