Det er om lag halvtanna år til nye Alver kommune skal vere stabla på beina. Til no har det vore mykje fokus på den økonomiske situasjonen i den einskilde kommune og investeringsnivået kommunane har lagt opp til i åra fram mot samanslåinga. Det har vore viktig og truleg har vi som avis også bidratt til det.

Men alt handlar ikkje om tal og pengar. Eit tema det har vore mindre fokus på er kulturen, idretten og det frivillige lags- og organisasjonslivet. Dette er som alle veit svært innhaldsrikt i regionen. Korleis blir det påverka av samanslåinga, og korleis skal nye Alver kommune ta best mogleg vare på det beste frå dagens tre kommunar?

Temaet er kanskje ekstra aktuelt etter denne helga, for i dagens avis har vi ei fyldig dekning av kultur- og idrettsgallaen til Radøy kommune. Denne har blitt arrangert i forbindelse med Kulturdagene kvart andre år sidan 2013 og er eit samarbeid mellom kommunen, musikkrådet og idrettsrådet. Kommunen er også inne økonomisk. Gallaen har utvikla seg til å bli eit fantastisk arrangement. Eldsjeler blir heidra, unge talent blir løfta fram i trygge omgjevnader og mange bidrar med reint dugnadsarbeid. Årets arrangement, som var det siste i regi Radøy kommune, var kansksje også det beste.

Ordførarvert Jon Askeland hadde invitert ordførarkollegaene i Meland og Lindås til gallaen. Naturlegvis fordi ein no er på veg inn i Alver. I den anledning er det naturleg å ta opp kulturlivet. Korleis skal ein ta vare på slike arrangement i den nye storkommunen når det blir kamp om merksemda og midlane? Noko av forklaringa på den gode oppslutninga om frivilligheita i kommunane har dessutan vore nærleiken til innbyggjarane. Vil frivilligheita og interessa for den typen arbeid vere like stor i Alver? Vi trur det kan ta tid. Per i dag har ein heller ikkje eit regionalt kulturhus som kan verke samlande.

Av mange prosjekt som er på gang har fellesnemnda sett ned ei gruppe som skal jobbe med identitet og lokaldemokrati. Det meiner vi er fornuftig. For skal Alver kommune bli ein suksess, handlar det ikkje berre om økonomi, budsjett og investeringar. Det kanskje aller viktigaste er å skape ein felles identitet. Her ligg det eit viktig arbeid for alle som jobbar med samanslåinga.