- Risnes Elektro er veldig flinke til å bruka nynorsk både i butikken og elektrofirma. Difor er verksemda verd ei målrose, seier Geir Olav Repål frå Radøy mållag. Han meiner det er viktig at lokale verksemder nyttar nynorsk, og slår fast at mange andre i Manger sentrum har litt å læra av Risnes Elektro.

Verksemda sjølv vart tatt på senga av utdelinga tirsdag ettermiddag.

- For oss har det aldri vore snakk om anna enn nynorsk. Synest det er viktig å bruka vårt mål, seier Astrid Risnes som styrar lampebutikken.

Broren Konrad er dagleg leiar for elektroverksemda. Han fortel lattermild at mange legg om når dei ser at verksemda brukar nynorsk.

- Det hendar ofte at eg får spørsmål om tilbod og liknande på bokmål. Når vårt svar kjem på nynorsk viser det seg at det er ein nynorskmann som set i andre enden og, og så svarar dei på nynorsk, smiler han.