No har du ein flott sjanse til å høyra dei tre skulekorpsa på Radøy same kveld.

Manger Skulemusikklag inviterer til før-NM-konsert i Radøyhallen måndag 19. juli, saman med Hordabø skulemusikklag og Sæbø skulemusikklag.

Dei tre korpsa spelar programmet dei skal framføra under NM for skulekorps i Stavanger 24. juni. Som vanleg under slike konsertar kan arrangøren freista med godsaker også i pausen.

To korps i 1. divisjon

Manger Skulemusikklag, som blir dirigert av Thorgeir Thunestvedt, stiller i 1. divisjon i NM. Korpset kan sjå tilbake på 14 NM-titlar.

Tertnes skoles Musikkorps har gått til topps dei to siste åra, og i årets EM for skule-/ungdomskorps tok korpset frå Åsane 2.-plass, med Radøy-korpset på plassen bak.

Knarvik skulekorps er det andre lokale korpset i 1. divisjon, og blir leia av Stefan Cooper.

 

NM-grossistane med

I 2. divisjon gjekk Skodvin skulekorps til topps i fjor, som dei gjorde i 2014. Korpset har fem triumfar på 2000-talet. Korpset blir leia av Henning Anundsen.

Sæbø skulemusikklag – med Margareth Antrobus som dirigent, er også med i 2. divisjon, der korpset gjekk til topps i 2009.

Kløvheim skulekorps, som blir dirigert av Jannicke Eide Ellingsen, har også 1.-plassar i 2. divisjon, seinast i 2011.

Ingen i 4. divisjon

Hordabø skulemusikklag deltar i 3. divisjon, under sin dirigent Stein Paulsen. Det andre lokale korpset i denne divisjonen er Kaland Skulemusikklag og Lindås Skulekorps, dirigert av Stefan Cooper.

NM for skulekorps brass er det i år oppretta fire divisjonar, men det er ingen frå Nordhordland i 4. divisjon..

Les også

Bak scena på Hordablæsten