Radøy har fått ny liten, men livsviktig brannbil på plass

Brannsjef Stein Ove Valdersnes er svært fornøgd med den nye brannbilen.

Brannsjef Stein Ove Valdersnes er svært fornøgd med den nye brannbilen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Ein super ressurs, seier brannsjef Stein Ove Valdersnes.

DEL

Som du kan sjå på bildet: den er liten og lett, og er ein kjemperessurs for betre beredskap både ved brann og andre akuttsituasjonar.

Dette er altså brannvernet sin nye kommandobil – også omtalt som «first responder-bil».

– Me i brannvernet er stolte over å visa fram den nye brannbilen vår. Bilen blir vår framskotne eining, og gjer det mogleg for oss å koma så fort som mogleg til skadestaden. Dette er ein super ressurs som vil koma innbyggarane våre til gode, seier brannsjef Stein Ove Valdersnes til Radøy kommune si eiga nettside.

Han fortel til kommunen si nettside at den nye bilen skal brukast som vaktbil og «first responder-bil». Bilen blir utstyrt med diverse redningsverktøy, hjartestartar, firexpress og brannslukkingsapparat, blir det opplyst.

Ved kritiske hendingar er det om og gjera å koma fram til skadestaden så snart som råd. Med denne kommandobilen, som vil følgja brannsjef/vakthavande, vil brannmannskap kunne rykka direkte ut til skadestad utan å måtte ta turen innom brannstasjonen på Manger.

– På den måten vil bilen bidra til raskare mobilisering på skadestaden. Ved «first-responder»-oppdrag kan brannvernet vera raskare framme og starta livreddande førstehjelp ved hjartestans medan ein venter på helsepersonell, seier Valdersnes.

Ved ulukker i vatn og sjø vil bilen kunne trekkja med seg hengar til overflateredningsutstyr.

Brannsjefen rettar ei stor takk til politikarane som løyvde pengar til kjøp av bilen. Han er også takknemleg og stolt over å ha fått god støtte frå Fagforbundet Radøy og frå helselaget til innkjøp av utstyr til bilen.

– Dette er gåver som verkeleg kjem innbyggarane til gode, seier Stein Ove Valdersnes.

Artikkeltags