Gå til sidens hovedinnhold

Lagar film om krigsveteran

Artikkelen er over 10 år gammel

På utvandringssenteret.

Den vesle lærarbustaden i emigrant-landsbyen på Sletta blir i onsdag gjort om til filmstudio når Utvandringssenteret skal dokumentera krigsveteran John Pettersen sine minne frå livet i den 99. bataljon under andre verdskrig.

Svært glad

- Vi er svært glad for at John Pettersen stiller opp og vil dela sine minne med oss. Han er ein av nokre få attlevande i Norge frå denne bataljonen og ei viktig primærkjelde, seier Ida Dyrkorn Heierland ved Vestnorsk utvandringssenter.

Utstilling om 99.bataljon

Vestnorsk utvandringssenter har ei særskilt utstilling om den 99. bataljon - ein amerikansk bataljon med norsk kommandospråk som opererte fleire stader i Europa under 2. verdskrig.

Utstillinga inneheld bilete og gjenstandar knytta til dei som var med. I tillegg har Utvandringssenteret eit eige minnesmerke over 99. bataljon framfor Emigrantkyrkja på Sletta.

Meir for publikum

Og publikum har meir i vente. Utvandringssenteret ønskjer å prioritera ei vidareutvikling av denne utstillinga i løpet av 2012.

- Difor går vi i gang med det digitale dokumentasjonsarbeidet no. Ved å gjera nokre grep skal vi løfta formidlingsnivået i utstillinga slik at den blir betre tilrettelagt for publikum, seier Ida Dyrkorn Heierland.

Fleire videosnuttar

Avdelingsleiaren ved Utvandringssenteret legg blant anna opp til å produsera korte videosnuttar som skal visast på integrerte skjermar i utstillinga.

- I tillegg ser vi for oss å produsera ein minidokumentar på 10-15 minutt, fortel Heierland.

Utvandringssenteret har inngått eit samarbeid med videoselskapet iMedia a.s som står for videoopptak og produksjon.

Interessert i fleire lokale nyheiter? Sjå kva abonnement som passar best for deg her