Dei har ikkje ein einaste el-bil, men likevel satsar ”den grøne øya” på å etablera 26 nye ladestasjonar, med støtte frå det offentlege.

Kommunen bur seg på elbil-boomen.

- Vi er overtydd om at det kjem ein ny politikk på området, og vil gjera jobben i forkant slik at vi er klar, seier miljøvernleiar Asbjørn Nagel Toft til nh.

Radøy kommune har søkt om midlar til 26 ladepunkt, og har fått innvilga støtte til all. Også Lindås kommune har fått midlar til nye ladepunkt, men Radøy er den kommunen i Hordaland som har fått mest av potten.

26 nye punkt

- Vi har fått løyving på opptil 252 000 kroner. Det skal monterast 26 elektriske stikkkontakter, der el-bilar kan parkera, og desse plassane må skiltast, seier Toft.

Han legg til at kommunen ønskjer å få jobben gjort på rimelegaste måten, og tre firma har fått forespørsel.

Dei nye ladepunkta kjem på følgjande stader: Rådhuset på Manger 2 punkt, Sæbø skule 2 punkt, Hordabø skule 2 punkt, Radøy ungdomsskule 2 punkt, PU 2 punkt, Velferdssenteret 6 punkt, heimetenesta sin base 6 punkt, og Helsehuset 4 punkt. Frå før har kommunen to slike ladepunkt ved rådhuset.

Vera i forkant

- Både besøkande, tilsette og komunale bilar skal kunna bruka ladepunkta. Ein del punkt vil vera til bruk for Ola og Kari også, seier Toft.

Han forventar at det offentlege fokuset på dette miljøtiltaket vil auka framover, og at el-bilane vert så gode at dei vil vera interessante å kjøpa – i alle fall som ein bil nummer to.

- Innan eit par år trur eg vi vil sjå endå betre el-bilar enn tidlegare. Trondheim kommunen har hatt kommunal drift lenge, Bodø har eit prøveprosjekt gåande og andre vil koma etter etterkvart, trur miljøvernleiaren.

- For oss er det viktig å sjå framover, og vi kan ikkje satsa på el-bilar utan ladepunkta på plass, seier han.

Staten delte i 2009 ut i alt 50 millionar kroner til etablering av ladepunkt for el-bilar.