Ungdomsprisar til Tristan og Igor

Av

Tristan Smeding og Igor Matuszewski har utmerka seg i ungdomsmiljøet i Radøy. No har dei fått ungdomsrådet sine prisar.

DEL

Ungdomsrådsleiar Marte Vågenes Solheim overrekte prisar for «årets motivator» og «årets organisator» under arrangementet «Heltar og skurkars» familiedag i Radøyhallen. Prismottakarane fekk eit stipend på 1500 kroner til vidareutvikling.

Eit flott forbilde

17 år gamle Tristan fekk overrekt prisen som «årets organisator». Han får prisen for innsatsen sin i Radøy symjeklubb, for sitt engasjement og for sine gode eigenskapar som organisator. Han er aktiv både som symjar og som trenar for dei yngste. Sjølv i ein travel kvardag, stiller Tristan opp dersom det er behov for det. Han vert også omtalt som rettferdig, og ein som alltid stiller opp for andre.

– Tristan er eit flott forbilde for mange. Han er god til å læra frå seg. Ungane er veldig glad i han, sjølv om han også kan vera streng når det er behov for det. Dei vaksne seier han er deira helt i ein travel kvardag, kjem det fram i grunngjevinga for prisen.

Smittande humør og stort hjarte

Igor (14) har fått ungdomsrådet sin pris som «beste motivator» for si evne til å skapa eit godt miljø rundt seg og vera ein god motivator både for ungdom vaksne.

I grunngjevinga kjem det fram at han har eit smittande humør og eit stort hjarte. Juryen peikar på at han har ein viktig plass i ungdomsmiljøet på Radøy, både på skulen og i fritida.

– Han er alltid i godt humør, og har ei unik evne til å passa på at alle rundt seg har det bra og at alle er inkludert i eit fellesskap.

Han er den yngste som har fått ungdomsrådet sin pris. Trass sin unge alder har Igor sett spor etter seg.

– Han er ein person som alltid spør korleis andre har det, gjerne med oppfølgingsspørsmål. Han får andre til å føla seg trygg og påverkar med sin positivitet og engasjement.

Var ungdomsvakt – visste ingen ting

Verken Tristan eller Igor visste om prisen. Dei hadde begge takka ja til å vera med som ungdomsvakt på arrangementet. Lite visste dei at ungdomskoordinatoren og ungdomsrådsleiaren hadde ein plan.

Full fart i hallen

Det har vorte tradisjon at ungdomsrådet delar ut ungdomsprisar på «Heltar og skurkars familiedag», som ungdomsrådet og ungdomsklubben står bak. Det var mange aktivitetar i hallen, som hoppeslott, barneavdeling for dei yngste, borrelåsvegg, gladiatorbane, sumodrakter og fotoboks. Mange var utkledde i festlege kostyme.

Familiedagen vart avslutta med julenissebesøk til stor begeistring for alle dei små.

Over 30 ungdomsvakter frå ungdomsrådet og ungdomsklubben var på plass for å gjera denne dagen til ei kjekk oppleving for dei yngste. Også dei var utkledde i kostyme som var med og laga ein artig vri.

– Ungdommane har stor dugnadsånd, og stilte opp frivillig og laga til, styrte aktivitetar og rydda opp, seier ungdomskoordinator og arrangementsansvarleg Katarina Birkeland og assistent Sandra Morken Reigstad.

Artikkeltags