Kulturminnetreff på Kartveit

Viser rundt: Gunnar Kartveit vil ta dei frammøtte med på ein runde i det flotte tunet.Foto: pressefoto

Viser rundt: Gunnar Kartveit vil ta dei frammøtte med på ein runde i det flotte tunet.Foto: pressefoto

Av

Det kryr av kulturminne i landbruket på den grøne øya. Kartveit gjestetun er staden når Radøy kommune inviterer alle historieinteresserte til kulturminnekveld måndag kveld.

DEL

5 kr for digitalt abonnement i 5 veker

Kulturminne i landbruket er eit tema som omfattar svært mange ulike typar kulturminne – alt frå våningshus og løer, til rydningsrøyser, bakkemurar og steingardar.

Kartveit gjestetun er ein svært høveleg møtestad – der eit eldre våningshus er oppgradert til moderne standard, samstundes som det er tatt vare på kvalitetane ved bygget.

– Bygget er slik eit eksempel på at bruk er den beste form for vern, seier kulturrådgjevar Bente K. Hervik i Radøy kommune.

Kartveit gjestetun er ein del av eit større tun med to våningshus, to løer og fleire andre bygg og er eit svært verdifullt kulturmiljø i kommunen. Denne kvelden vil Gunnar Kartveit ta oss med på ein runde i dette flotte tunet.

Kulturminnekvelden er ein del av prosessen med å få på plass ein kulturminneplan for Radøy kommune.

– Me håpar på mange gode innspel om kva for kulturminne som er viktig å ta vare på i vår kommune, seier Hervik.

24. april vert det ein ny kulturminnekveld med kystkultur som tema.

Artikkeltags