Gå til sidens hovedinnhold

Radværingane feira nytt paradis på Manger: Sjå bildeserie her!

29. september 2019, kl. 20:45

Radværingane feira både den "nye" prestegardshagen og ny turløype på Manger i vakkert september-vêr laurdag. Etter at Manger skulemusikklag hadde underhalde og framført Tom Brevik sin heilt nyskrivne fanfare, kunne ordførar Jon Askeland opna den vakre hagen og invitera på tur i den nye turløypa. Ved Nesvatnet venta grillmat, sponsa av Rema 1000 og Coop Extra. Seinare på ettermiddagen kunne folk få gratis orgelkonsert ved William Kay i kyrkja, og i gamle prestegarden fortalde Karl Kolstad om den spennande historien om den gamle prestegarden og dei som har budd her.