«Haha» - ingen spøk

VANN JENTEKLASSEN: Julie Lilletveit og Radøy-laget «Haha» vann finalen i jenteklassen i nattcupen i Radøyhallen. Her i aksjon mot «Team Crogs» i kvitt. privat foto

VANN JENTEKLASSEN: Julie Lilletveit og Radøy-laget «Haha» vann finalen i jenteklassen i nattcupen i Radøyhallen. Her i aksjon mot «Team Crogs» i kvitt. privat foto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det var full rulle med fotball i Radøyhallen heile natta.

DEL

Først i 04-tida gjekk sluttsignaldet for nattcupen. I alt fjorten lag deltok, med spelarar frå 7. klasse til 3. vidaregåande.

«Golden goal»

I jenteklassen vart det finale- siger til Radøy-laga «Haha», som slo eit anna Radøy-lag, Seven Eleven 1-0 i finalen.

I yngste guteklasse var det austrheimingane i «Scoregasm» som trekte det lengste strået og slo «Panserpung» i finalen etter 0-0 ved ordinær tid og avgjerd på «golden goal».

Tre år på rad

I finalen for lag i vidaregåande var det «Lite kaldt» frå Radøy som gjekk til topps etter finalesiger mot «Reservelaget» frå Knarvik. Fleire spelarar på vinnarlaget har dermed vore med og vunne nattcupen tre år på rad.

Det er Ungdomsklubben i Radøy i samarbeid med Hordabø IL og Radøy Manger FK som står bak nattcupen.

Ungt engasjement

– Det er blitt ein fin tradisjon med nattcup, seier ungdomskoordinator Katarina Birkeland. Ungdomane stod sjølv for gjennomføringa, og i alt 22 unge var i aksjon i løpet av natta – i sekretariatet, i kiosken og som dommarar.

Over hundre spelarar fordelt på fjorten lag deltok i år. I løpet av natta var over 400 ungdomar og foreldre innom Radøyhallen for å heia.

Artikkeltags