Gå til sidens hovedinnhold

Dei lærte Amerika skisporten

Artikkelen er over 10 år gammel

Har fått sin bauta på Sletta.

- Sletta er ikkje skisporten si vogge. Men ingen ting er meir naturleg enn å heidra dei store skisport-pionerane som utvandra til Amerika og Canada her på utvandringssenteret, sa tidlegare skihoppar Agnar Høysæter då han avduka minnesteinen under utvandringsfestivalen.

Fem namn har fått sin plass på denne bautaen. Han hadde leita i sitt gamle leksikon utan å finna noko som helst om dei fem personane.

- Dei var føregangsmenn for skisporten på det nordamerikanske kontinentet, og har eit stort namn på den sida av Atlanteren. Det er på høg tid at skipionerane får si fortente merksemd også i vårt land.

Legende

- Dette er eit nytt perspektiv i utvandringshistoria og ved senteret her på Sletta. Desse karane var plogspissar for skisporten i Nord-Amerika og Canada, seier Asbjørn Ystebø.

John Albert Thompson, med tilnamnet ”Snowshoe Thompson”, er den mest kjende av dei fem namna på minnesteinen. Då sheriffen i Placerville i 1855 søkte etter ein person som kunne frakta posten over Sierra Nevada til Carson City i Nevada, meldte Thompson seg til teneste

Fleire hadde prøvt seg på denne ruta, til dels med tragisk utfall. Nordmannen gjekk denne ruta i 20 år, og vart ein legende i denne delen av Amerika. Han fekk fleire tilnamn, som ”Viking of Sierra.”

Lokal kunstnar

Austrheimingen Harald Hopen har laga teikningar som pregar minnesteinen over skisport-pionerane i Amerika og Canada.

- Klart det er artig å bli spurt om eit slikt oppdrag, og det er litt spesielt å sjå skimotivet innhogd i stein, seier Hopen, som legg til at han stod fritt i utforminga av motiv. Hopen fortel at han driv med teikning som ein fin hobby. Og kva med skisporten?

- Den trivst eg godt med framfor fjernsynet, seier han med eit smil.

Stor breidde

Under æresseremonien vart det også lagt ned krans på dei øvrige minnesteinane som er reist ved Vestnorsk Utvandringssenter. Manger Old Star sytte for vakkert tonefølgje.

Universitetsrektor Sigmund Grønmo ved UiB, som representant for ein av medeigarane i utvandrarsenteret, la ned krans for to av pionerkvinnene som utvandra til Amerika.

- Desse pionerkvinnene måtte ut av landet for å oppnå sine draumar, og få den verdigheit og respekt som vi tar for gitt i dag, sa Grønmo. Han er imponert over korleis utvandringssenteret er vidareutvikla frå starten, og han synest det er svært gledeleg at senteret også har framheva pionerkvinnene.

Gir draumen liv

Universitetet i Bergen tar kvart år i mot hundrevis av studentar frå ulike kontinent.

- Gjennom blant anna forsking og tilbod om utdanning i trygge forhold bidreg universitetet til at kvinner i den tredje verda får kunnskap og kompetanse som gjer at dei i heimlandet kan gripa tak i store lokale og globale utfordringane. Og slik kan Norge i dag bidra til at i alle fall nokre kvinner får oppfylt draumen om eit meir likestilt og rettferdig samfunn, sa Grønmo.

Lærdom i dagens Norge

Asbjørn Ystebø, som har stått sentralt i utviklinga av Utvandringssenteret, trekkjer trådane vidare:

- No er vi komne så langt at vi kan summera opp kva betydning og omfang den norske utvandringa har betydd. Dei som stod midt oppe i den tida kunne ikkje på same måte måla eller verdsetja det som hende. No kan vi sjå tilbake og seia noko om kva som har vore viktig. Samtidig gir det grunnlag for å vurdera vår eiga samtid betre. Vi kan ikkje minst trekkja lærdom frå vår eiga utvandringshistorie og setja den inn i dagens situasjon der vi opplever innvandring, seier Ystebø.