Gå til sidens hovedinnhold

Kva har Dr. Hook, Staysmann & Lazz og Stavangerkameratene til felles? Dei kjem alle til Nordhordland i år

Mange godbitar i Hordabøhallen i 2018

Artikkelen er over 3 år gammel

Hordabø Idrettslag har eit variert program for Hordabøhallen i 2018. Billettsalet på fleire av arrangementa er allereie godt i gang.

24 mars held Stavangerkameratene konsert. Kameratane frå Stavanger er særs populær om dagen og konserten i Hordabøhallen har vore utseld lenge. 800 billetter blei rive vekk på eit par veker tidleg i januar.

Etter mange førespurnader blir det endeleg arrangert dansegalla i Hordabøhallen. Laurdag 28 april kjem Ingemars, Norges beste danseband til Bøvågen og har med seg populære Steinar Engelbrektson Duo. Desse to banda vil nok få skikkelig fart på danseføttene.

Dr. Hook i august

Sjølvaste Dr.Hook, med Dennis Locorriere i spissen, kjem til Hordabøhallen fredag 24 august.

Dr.Hook turnerer sjeldan i Norge så me er svært beæra over å få eit så storfint besøk til Bøvågen. Kven hugsar vel ikkje «When You're in love with a beautiful woman», «Sylvia's Mother», « Only sixteen», «Cover of the Rolling Stone», «Sharing the night together» eller ein av dei mange andre slagerane Dr.Hook varta opp med i si stordomstid på 1970-talet?

Les også

I ekstase over mottakinga på brass-NM: – Dette kan ikkje bytast i pengar

Dette vil bli ein hit-parade av dei sjeldne der flashbacka og dei gode minnene vil stå i kø. Og som om ikkje det var nok så spelar det populære Bergens-bandet BRIS opp til dans før og etter Dr. Hook. Desse to banda er garantistar for ein uforgløymeleg kveld.

Staysmann i november

Tradisjon tru kjem Gunslingers tilbake i november. Gunslingers har dei fire siste åra spelt for fullt hus i Hordabøhallen. Laurdag 24 november har dei med seg Staysmann & Lazz, som også veit å skape stemning. Staysmann, som nyleg var med i Kjendis-Farmen spelar livleg og stemningskapande musikk og saman med Gunslingers må dette berre bli ein heilt topp kveld.

Billettsalget til både dansegalla, Dr.Hook og Gunslingers/Staysmann & Lazz har opna. Til alle arrangementa er det seld godt med billettar allereie så det lovar godt for fleire fulle hus.

Les også

Timbuktu er klar for Utkantfestivalen

Kommentarer til denne saken