«Eg likar Radøy best»

Artikkelen er over 5 år gammel

Med jubileumsboka set Radøy eit verdig punktum for jubileumsåret, som starta med å feira den første radværingen (Elin Morken) 3. januar.

DEL

Jubileumsboka er klar: Radøy kommune såg dagens lys gjennom eit «tvangsvedtak» i 1963. I dag kan me slå fast at utviklinga i den nye kommunen gjekk mykje betre enn skeptikarane trudde for femti år sidan. Tittelen på jubileumsboka «Eg likar Radøy best» er eit sitat frå Radøy-songen, skriven av Petter Morken. Boka er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen og sogelaget.

Utvikling og folkeliv

Boka gjev eit godt innblikk i utviklinga i Radøy dei siste 50 åra. Her får du mykje kunnskap om kommunen, krydra med gode historier og mange bilete frå gamal og nyare tid.

Boka viser korleis folket og folkeliv har endra seg på femti år, og kva ein hadde då og no. Eit døme kan vera at Radøy ikkje hadde skulekorps i 1964,- i dag er både skulekorps og vaksenkorps i verdsklasse!

Boka gjev òg grunn til refleksjon over debattar som har vore, og kva me elles hadde då og no.

– Noko har me fått og noko har me mista. Tenk om gamle prestegarden hadde blitt riven tidleg på 1970-talet? seier Askeland.

Sykkelmeisterskap

Det er personar med god innsikt til kommunen som har skrive dei ulike kapitla i boka.

Ungdomen er framtida og deira røyst er sjølvsagt med i boka. Det er og funne plass til den utruleg historia om då sykkelgruppa i Manger IL arrangerte nordisk meisterskap sykkel i 1990. Det vart ei hending av internasjonale dimensjonar, der dei «ulovlege» flagga til dei tre baltiske statane vaia på flaggstengene.

Spennande og krevjande

Bokredaktør er tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt. Han rosar forfattarane, som har gjort eit omfattande og grundig arbeid. Stofftilfanget har vore omfattande, og det har vore interessant, men krevjande å gjera eit utval.

– Radøy har hatt mange spørsmål dei styrande skulle finna løysing på til beste for innbuarane. Korleis oppgåvene har vore løyst får vera opp til lesarane å vurdera. Me vonar lesarane vil ha glede av boka, seier Namtvedt.

Det vert boklansering i Gamle Prestegarden på Manger onsdag 17. desember.

Artikkeltags