Ungdommane storkosar seg på sommarcamp på Radøy

Kanopadling var ein av aktivitetane ein kunne drive med under sommarcampen på Radøy.

Kanopadling var ein av aktivitetane ein kunne drive med under sommarcampen på Radøy. Foto:

Av

Sommaren er full av aktivitetar for ungdom på Radøy. Det har gått slag i slag med padletur, livredningskurs, klubbkveldar ved Nesvatnet, volleyballturnering, brettspel og utflukt til Wasteland og kinobesøk. Og meir står på programmet.

DEL

Ungdomsklubben i Radøy har mange flotte tilbod også denne sommaren. Sommarcampen som er for unge frå 13–19 år er sponsa av Barne, ungdoms,- og familiedirektoratet.

Chris Odland (17 år) er godt nøgd med at det er tilbod til ungdomen også om sommaren.

– Aktivitetstilbodet motiverer meg til å finna på ting. Det er lettare å «dra» meg ut og finna på andre ting enn å sitja heime, seier han.

Gode opplevingar og fellesskap

– Eit tilbod om sommaren gir ungdomane gode opplevingar, samstundes som det blir skapt ein fellesskap der dei får treffa andre ungdommar. Ikkje alle har mogelegheit til å reisa på ferie og sommarcampen gjer at alle ungdom har ting ein kan delta på. 7.-klassingane er også invitert, noko som kan vera med på å gjera dei tryggare før dei skal begynna på ungdomsskulen, seier ungdomskoordinator Katarina Birkeland.

På klubbkveldane kan ungdommane spela strandvolleyball, padla i kajakk og kano, bruka vasstrampoline, padlebrett, bada, spela fotball, kubespel og anna moro.

– Me har vore heldige med vêret, og har nytt sol og sommar med mykje vassaktivitetar, fortel ungdomskoordinator Katarina Birkeland.

Berre to dagar har klubben trekt inn og hatt open hall med volleyballturnering, VM på storskjerm og tacobuffé.

Også bytur

Sist måndag deltok 13 ungdommar på padletur saman med arrangørane Katarina, Steffen og Sandra. Her padlar ungdommen på tvers av Nesvatnet og tilbake, med innlagt grilling og badestopp.

Torsdag drog 31 ungdommar på utflukt til Wasteland. Her vart det laserspel, pizzabord, utfordringar i byen, og kino som avslutning på ein flott dag.

Veteranbussane er leigd inn til å køyra til og frå på fleire av arrangementa. På bussturen heim igjen frå byen var det god stemning med latter, musikk og allsong.

BYTUR: Tur til Wasteland og kinobesøk er eitt av tilbod på sommarcampen.

BYTUR: Tur til Wasteland og kinobesøk er eitt av tilbod på sommarcampen. Foto:

Bananbåt-køyring og blåtur

Ungdomsklubben har arrangement også i neste veke før sommarcampen tar tre veker ferie. Måndag 9. juli vert det arrangert vassaktivitetsdag i Valdersneset. Her samarbeider klubben med RS-ung Radøy. Det vert bading, tubekøyring, bananbåt-køyring, vasski og fisking.

Onsdag og torsdag skal ungdomsklubben på blåtur. Her reiser dei eldste frå 15 år og oppover på eit hemmeleg opplegg med mange aktivitetar.

Sjølv om klubben tar ferie i tre veker, kan ungdommane delta på arrangement i Meland og Lindås. I år har dei tre Alver-kommunane samarbeidd om ei felles brosjyre med tilbod til ungdom.

SOMMARCAMP I DET VÅTE ELEMENT: Sommarcampen byr på mange aktivitetar i det våte element.

SOMMARCAMP I DET VÅTE ELEMENT: Sommarcampen byr på mange aktivitetar i det våte element. Foto:

Tilbake i august

Ungdomsklubben er tilbake i august. Då vert det arrangert skyting i Stokkedalen med Radøy skyttarlag, vassaktivitetsdag på Sletta kai, internasjonal aktivitetsdag for alle ved Nesvatnet, holmetur og fisketur, utflukt til trampolineparken og «back to school-party».

Det er berre trampoline-parken og skytinga som det krevst påmelding til (informasjon finn du på fb-sida til Radøy ungdomsklubb).

Artikkeltags