BKK: – Me har retningslinjer å følga

TRAVELT: BKK har hatt hektiske dagar med å sikra straum til innbyggarane i Nordhordland.

TRAVELT: BKK har hatt hektiske dagar med å sikra straum til innbyggarane i Nordhordland. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

BKK seier til avisa Nordhordland at dei kjem ikkje til å ta eige initiativ til å laga breiare krafttrasear.

DEL

– Me har retningslinjer frå myndigheitene me steller oss til når det gjeld å rydda skog, seier Anne Mette Tuvin i BKK.
 

Ho seier dei årleg ryddar skog langs 20.000 kilometer med kraftliner årleg.
 

– Dette er eit arbeid som har auka dei siste åra, fortel ho.

LES OGSÅ: Austrheim-ordføraren meiner samfunnet ikkje er godt nok sikra
 

Arbeidet vert gjort for at det ikkje skal veksa skog opp i linjene som igjen kan føra til kortslutning.
 

– Det er ein debatt som går føre seg om ein skulle hatt endra retningslinjer for rydding av skog langs linjene. Men kor brei kraftgatene skal vera og kor masse skog som skal fjernast, er det ulike interesser som må vegast opp mot kvarandre, seier ho.
 

– Det er til slutt eit politisk spørsmål, peikar ho på.

LES OGSÅ: – Handlar om pengar
 

Tuvin peikar på at det er eit samansett bilde som handlar om forholdet til grunneigarar som eig grunnen kraftlinene står på og kva forskrifter myndigheitene gjer dei.
 

Dagens regelverk seier at det skal vera minimum tre meter frå kraftlina til yttarste skogkant. På liner mot viktig infrastruktur er det krav at det skal vera breiare trasear.
 

– Det vil alltid vera ei vurdering vekta mot kostnaden og naturinngrepa. Det me er opptatt av er at nettlevrandørane evaluerer praksisen sin på området og set seg ned med viktige aktørar som kommune og skogeigarar for å komma fram til gode løysingar, seier Arthur Gjengstø er seksjonssjef for Beredskapsseksjonen i NVE til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Jobbar lange dagar

Artikkeltags