– Han var ein krigshelt, men det var freden og livet han kjempa for

Krigshelten John Pettersen vart gravlagd frå Hordabø kyrkje fredag.

Krigshelten John Pettersen vart gravlagd frå Hordabø kyrkje fredag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Med æresvakt frå Sjøforsvaret tok ei nær fullsett Hordabø kyrkje siste farvel med heidersmannen John Pettersen.

DEL

Krigshelten John Pettersen vart gravlagd frå Hordabø kyrkje fredag.

Ved båra stod to representantar for Sjøforsvaret æresvakt med kvart sitt norske flagg.

LES OGSÅ: John Pettersen er død, 101 og eit halvt år gamal.

Prest Marianne Støylen Skauge fortalde om Pettersen sitt lange og innhaldsrike liv. Ho framførte også ein helsing på vegne av familien.

Eit barnebarn og ein svigerson gav eit varmt og nært bilde av familiemannen John Pettersen. 

– Takk daddy for alt du stod for, og takk for vår tid saman.

Radøyordførar Jon Askeland.

Radøyordførar Jon Askeland. Foto:

Ordførar i Radøy, Jon Askeland talte, og delte fleire takkehelsingar ved båra til Pettersen.

– I dag følgjer vi den siste aktive soldat frå Radøy under andre verdskrigen til grava. Vi er no ved eit tidsskilje i høve tidsvitne frå soldatinnsatsen under andre verdskrigen.

Askeland fortalde at han ved fleire høve har blitt irettesett av Pettersen.

– Ordføraren har fleire gonger fått kjeft for å ikkje ha gått med slips, for det meinte han at ein ordførar alltid burde gjera, men sagt med eit godt glimt i auga som alltid.

Jon Askeland fortalde òg om den store markeringa av John Pettersen sin 101. bursdagsfeiring på Sletta i april i år.

LES OGSÅ: John Pettersen 101 år: – Eg håpar dei forstår

– Ein fullsett sal på Sletta song «Ja, vi elsker» som bursdagssong. Då tørka John Pettersen tårene, for han elska livet, flagget, landet og fridomen han stod opp og kjempa for med den høgste innsatsen i kamp, seier Askeland.

– Han var ein krigshelt, men det var freden og livet han kjempa for.

Ved båra stod to representantar for Sjøforsvaret æresvakt med kvart sitt norske flagg.

Ved båra stod to representantar for Sjøforsvaret æresvakt med kvart sitt norske flagg. Foto:

Artikkeltags