Kulturtunet på Radøy planlegg ei utstilling om strikkeplagg i dei siste 100 år, med genserar, jakker, luer, vottar, hansker og strømper.

- Truleg har det vore ei utvikling, eller endring, i mønstra over så lang tid. Men det vil plagga visa oss, seier Øyvind Ask på vegne av Kulturtunets venner.

Han seier at dersom dei skal lukkast med prosjektet, er dei avhengig av hjelp.

LES OGSÅ: På kofta skal folket kjennast

Etterlyser mønster og strikkelystne

- Har du gamle strikkeplagg du kan låna til utstillinga? Eller har du tid og lyst til å vera med på planlegging og gjennomføring, er det berre å ta kontakt, seier Ask.

Han reknar med at det kan bli vanskeleg med strikk frå dei første åra, då slikt handverk pleier å gå i boset så snart det vert utslite. For å bøta på dette er nokre ivrige kvinner alt i gang med å planlegga å strikka nye ting frå gamle oppskrifter.

- Har nokon gamle oppskrifter? Eller kan nokon tenka seg å bidra med strikking, kan Kulturtunet hjelpa med oppskrifter, seier han.  Og legg til at lokale strikkeklubbar blir inviterte til å delta.

Utstillinga «Strikk i hundre» skal etter planen opna 1. oktober 2016 og vil henga fram til jul.

LES OGSÅ: Slik ser Masfjordkofta ut

Nordhordlandsgenseren

Samtidig inviterer Kulturtunet til ein konkurranse om å laga Nordhordland sin eigen strikkegenser eller –jakke.

 – Vi treng forslag til mønster eller motiv, og ikkje minst ein jury, seier Øyvind Ask på vegne av Kulturtunet.

Dei etterlyser kreative menneske til juryen, og inviterer kulturkontora i kommunane til å plukka ut kandidatar.

- Skal dette la seg gjennomføra, er det nødvendig at folk bidreg, seier Ask.

LES OGSÅ: Vil designe lokale kofter

Kvar sitt særpreg

Han viser til at Masfjorden er blant kommunane som alt har sin eigen genser, designa av dei lokale «Ripsdamene».

- Kan henda kan det bli slik at kvar av dagens nordhordlandskommunar vil ha sin eigen genser - før dei slår seg saman, seier Ask.

- Vi har nordhordlandsbunad, både for sommar og vinter, men manglar ein nordhordlandsgenser. Det kan vi no få orden på, seier han og oppmodar strikkeglade til å laga eit mønster som passar for distriktet. Mellom forslaga som kjem inn, trekkjer juryen ut tre-fire som folk kan stemma over.

LES OGSÅ: Med eigen butikk i Horisonten