Tidlegare i september omtalte Avisa Nordhordland opplevinga til Olav Martinsen frå Radøy. I starten av månaden byrja det å brenne i heimen hans på Sletta, og han var desperat etter å finne seg ein ny stad å bu.

Martinsen flytta først inn hos dottera si, men med rullator vart det vanskeleg å bu i eit travelt hus med høge dørstokkar. Etter mykje diskusjon mellom dottera og kommunen, fekk 96-åringen til slutt eit to vekers opphald i ein omsorgsbustad på Manger.

I kommunestyremøtet torsdag stilte Morten Klementsen (uavhengig) ei rekkje spørsmål i samband med saka som avisa har omtalt.

– Eg må si meg rysta, sint og flau på vegner av den eldre mannen og dei pårørande, sa Klementsen innleiingsvis.

Klementsen peika på fleire forhold i saka, mellom anna at Martinsen, som er avhengig av helse- og omsorgshjelp, vart tilbydd å bu i ei campingvogn eller på eit hotell då han stod midt oppi ei krise.

– Kan ikkje gjere anna enn å beklage

Rådmann Ørjan Raknes Forthun uttalte at han og kommunen har forståing for at innbyggjaren (Martinsen, journ.anm.) har opplevd situasjonen som vanskeleg.

– Vi kan ikkje gjere anna enn å beklage for den opplevinga han har hatt i møte med kommunen.

Vidare viste rådmannen til teieplikta som hindrar kommunen i å gå nærare innpå den konkrete saka. Han kunne likevel svare på problemstillingane på eit generelt grunnlag.

Ingen beredskapsplassar i kommunen

Avisa la fram ei rekkje spørsmål til kommunalsjef for helse og omsorg, Leni Dale, i samband med Martinsen si oppleving. Der vart det mellom anna spurt om kommunen har bustader til disposisjon for personar som kan hamne i krisesituasjonar der dei mistar eigen bustad.

Dale svarte ikkje på dette spørsmålet, og viste til teieplikta. Under kommunestyremøtet kunne rådmannen derimot gje eit konkret svar.

– I utgangspunktet har ikkje kommunen eigne beredskapsplassar i leilegheit eller sjukeheim, og til no har kommunen klart å løyse utfordringane for dei få innbyggjarane som har hatt dette behovet, sa han.

Tilbodet om campingvogn eller hotell er, ifølge rådmannen, eit mellombels butilbod som vert gitt gjennom NAV i akutte situasjonar der innbyggjaren ikkje klarar å skaffe seg ein bustad sjølv.

– I sånne situasjonar løyser privatpersonar det i stor grad sjølv, og ein har ofte forsikringar som dekkjer kostnadane. Oppstår det spesielle tilfelle der det skulle vere eit akutt behov for mange, så har vi beredskapsplanar knytt til det, sa rådmannen, og la til:

– For innbyggjarar som i tillegg treng helse- og omsorgshjelp er hotell eller campingvogn vanlegvis ikkje eit eigna tilbod, og difor ønsker ein primært å løyse det på ein anna måte. Mellombelse butilbod kombinert med helsehjelp vert vurdert etter behova til den enkelte innbyggjar. Då blir det samarbeidd på tvers av tenesteområda for å finne ei best mogleg løysing for den aktuelle innbyggjaren.

– Vanlegvis ikkje tidsavgrensa

Når det gjeld den umøblerte omsorgsbustaden som Martinsen til slutt fekk flytte inn i for fjorten dagar, svarte rådmannen at ingen omsorgsbustadar i kommunen vert leigd ut møblerte. Omsorgsbustad er heller ikkje meint som akutt- eller beredskapsbustad, uttalte han.

– Vedtak om omsorgsbustad og inngåing av huseigarkontrakt er vanlegvis ikkje tidsavgrensa. I dei tilfella kommunen må ta i bruk mellombelse butiltak, er hjelpebehova alltid førande for val av omsorgs- og butilbod. Det blir ikkje avslutta før innbyggjaren finn eit meir varig tilbod, forklarte rådmannen.

Under møtet peika Klementsen på den velkjente eldrebølga som er venta i fleire kommunar, også Alver.

Rådmannen svarar at dette er ei utfordring som kommunen er veldig klar over, og som det blir jobba med i kommunedelplanen for Helse, sosial og omsorg.

– Vi kan ikkje auke tilbodet i dag for noko som kjem i 2030, men vi må samstundes vere førebudde.

Han peikte også på det økonomiske aspektet når det kjem til beredskap i kommunen.

– Vi veit at alt som vi skal ha beredskap for, og som vi treng veldig sjeldan, kostar.